Handball | 27. okt. 2025

To debutantar med mange skåringar i Oslo

... men begge kampane blei tøffe for Os.

To debutantar med mange skåringar i Oslo
Elise blei toppskårar i den målrike kampen mot Oslo-studentane. Her heime mot Sotra førre helg. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. okt. 2025 06:00

Os var i helga i Oslo for å spela mot både Oslo-Studentenes IK og Aker Topphåndball 2. Os-damene har hatt ein betre start på sesongen enn begge desse, med tre sigrar på rad etter bortetapet i serieopninga.

Men i hovudstaden var det ikkje mange poeng å henta.

– Desse reisene tar ofte på, sånn blei det denne gongen òg. Å møta på Flesland klokka 05.30 for å spela kamp klokka 14 er ikkje ideelt, og vi var svakare laurdagen enn søndagen, seier trenar Kenneth Husebø.

Laurdag var det kamp mot Oslo-Studentenes IK.

Os skåra først og laga følgde kvarandre til 11-9, men så stakk heimelaget opp i 16-10. Til pause sto det 19-13.

Os klarte ikkje å ta igjen forspranget utover i andre omgang og tapte til slutt med åtte mål.

– Vi speler fint og skaper mykje. Å skåra 30 mål er bra, men å sleppa inn 38 i ein seriekamp er altfor mykje.

– Det er same mengde mål som vi sleppte inn i NM mot Fana frå Rema 1000-ligaen. Vi klarte ikkje å setja forsvaret, dessutan var vertane veldig gode. Dei har lag i kvar divisjon frå andre og nedover, og hadde over hundre spelarar på prøve før dei valte ut laga.

Os stilte utan dei to som har blitt kra til dagens Os-spelar på dei siste heimekampane, Pia Kjelsrud Johansen og Emilie Hjertnes Halhjem.

– Vi er eit ganske ungt lag utan desse to, men jentene gav alt i begge kampane.

Os hadde dessutan med seg to debutantar henta frå to bergenslag.

Selma Sümer Mutlu og Kiana Lovise Ibrahim Pettersson-Aasbø skåra begge fem mål i sin første Os-kamp, berre Elise Thompson Amundsen skåra meir for Os i denne kampen.

Oslo-Studentenes IK - Os 38-30 (19-13)

Os: Siri Eide Børtveit (keeper), Elise Thompson Amundsen 6, Selma Sümer Mutlu 5, Kiana Lovise Ibrahim Pettersson-Aasbø 5, Patricia Georgescu 4, Maja Dale Fehn 3, Tiril Arnøy Høyheim 3, Malene Lunde Bystøl 1, Maren Evensen 1, Nora-Sofie Skåtøy Kvernes 1, Marie Henriksen Håland 1, Sanne Aanes Møgster og Emilia Giske.

Søndag gjekk det noko betre.

– Denne kampen burde vi vunne, men vi missa på 10-15 hundreprosentsjansar mot slutten, og var skuffa då vi tapte med tre mål.

Os hamna under 5-2, men det sto både 12-12 og 18-17 før det nærma seg slutt.

Søndag blei meir målfattig begge retningar, men det blei ingen poeng på Os denne dagen heller.

Aker Topphåndball 2 - Os 25-22 (12-10)

Os: Siri Eide Børtveit (keeper), Patricia Georgescu 5, Kiana Lovise Ibrahim Pettersson-Aasbø 4, Elise Thompson Amundsen 4 (1 + 3 frå 7 m), Marie Henriksen Håland 3, Maja Dale Fehn 2, Selma Sümer Mutlu 1, Tiril Arnøy Høyheim 1, Malene Lunde Bystøl 1, Nora-Sofie Skåtøy Kvernes 1, Maren Evensen, Sanne Aanes Møgster og Emilia Giske.

Heilt tomhendte var jentene likevel ikkje etter turen.

– Sjølv om det sportsleg sett kan vera ei påkjenning med desse turane, ser det ut til å vera positivt at vi er på reise saman. Det er godt miljø i gruppa og det ser ut som om jentene har det veldig kjekt i lag. Men fleire nye spelarar i stallen, har det verdi å få tid saman utanom trening og kamp, seier Husebø.

Debutantane og resten av Os sitt lag kan du sjå i Oshallen søndag om to veker. Då tar dei imot Haslum 2, som har starta sesongen med éin siger og fem tap.

Tabell på handball.no

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.