Politi | 12. okt. 2023

To kontrollar - ingen reaksjonar

Sjekka promille og åtferd.

To kontrollar - ingen reaksjonar
Politiet hadde promillekontroll på Halhjem ferjekai onsdag morgon. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. okt. 2023 10:43

Torsdag, før politi og brannvesen blei opptatte med ulike velta tre, hadde politiet to kontrollar på E39.

I 08.45-tida sto dei på Halhjem ferjekai for å sjekka promille.

– 44 bilførarar blei kontrollerte, ingen av dei førte til nokon reaksjon, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Etterpå, i 09.30-tida, heldt dei kontroll i krysset mellom E39 og Lepsøyvegen.

Der har det tidlegare vore skrive ut mange forelegg på kort tid, men ikkje denne gong.

– Det var åtferdskontroll i samband med stoppskiltet i krysset. Også her var det fin køyring og ikkje noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.