To saker i éi
DEBATT: Då blir det vanskeleg å få ei ryddig og open behandling.


I kommunestyret i går handsama vi sak 57: Nye omsorgsbustader på Osøyro og i Eikelandsosen. Eg støttar at vi skal byggje fleire omsorgsbustader – begge stader.
Men slik saka låg føre, opplevde eg at dette ikkje var éi sak – det var to ulike saker slått saman. Då blir det vanskeleg å få ei ryddig og open behandling, og det blir vanskeleg for både folkevalde og innbyggjarar å etterprøve grunnlaget for vala som blir gjorde.
I debatten vart det frå Frp antyda at kritiske spørsmål handla om å «ikkje forstå korleis marknaden fungerer», og at vi i opposisjonen problematiserte og trenerte saka.
For meg handlar dette om noko heilt anna: lokaldemokrati, openheit og tillit.
Når prosessen er dårleg kommunisert og opplevast som uryddig, er det vår plikt som folkevalde å be om meir innsyn og ei betre saksutgreiing – før vi bind kommunen til store og viktige avgjerder.
Eg er difor glad for at SV og Sp fremja innsynskrav i saka, og eg vil takke særskilt Asle Olsen for innsatsen som vart lagt ned for å få fram meir informasjon. Eg er òg glad for at eg saman med 13 andre representantar stemte for å sende saka i retur til ny handsaming.
Det er sjeldan nødvendig å be om innsyn og å sende saker tilbake.
Denne gongen var det nødvendig. Omsorgsbustader er ikkje berre «marknad» – det er velferd, tryggleik og framtida til folk i kommunen vår. Då må vi ha gode, opne og ryddige prosessar, og ei behandling som gjer at vi kan ta stilling til saka/sakene på ein skikkeleg måte.
Dina Lervåg
Bjørnafjorden Sp