To slåstkampar i sentrum - trugslar om bord på buss
Politiet har oppretta sak etter ein fysisk konflikt i drosjekøen.

Klokka 03.34 natt til søndag fekk politiet melding om slåstkamp mellom to menn som venta på drosje på haldeplassen i Os sentrum.
– Dei kjenner visst ikkje kvarandre frå før, og var usamde om kven som var fremst i køen. Det utvikla seg etterkvart til knuffing og knyttneveslag, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
Patruljen kom til staden. Minst ein av dei to var blodig i ansiktet, men ingen var alvorleg skadd.
– Vi har oppretta sak. Dei involverte er begge i 40-åra.
Tre menn i slåstkamp
Tidleg på kvelden fredag, klokka 19.37, fekk politiet melding om tre menn som slåst på ei privat adresse i Os sentrum.
– Dei tre er menn i 30- og 40-åra, og alle bur på same adresse. Det var hissig stemning, men noko uoversikteleg kva dei var usamde om. Dei fekk pålegg om å roa seg.
Truga med å knusa telefonen til busspassasjer
I 21-tida laurdag kveld fekk politiet melding om trugande mann på ein buss.
– Fornærma hadde dradd ut ein nødhammer eller liknande, og bussjåfør hadde stoppa bussen.
– Mistenkte, ein mann i 20-åra som er kjent for politiet frå før, skal ha truga med å knusa mobiltelefonen til vedkomande.
Vedkomande mistenkt oppførte seg fint då politiet kom til staden, og blei køyrd heim.
Ubedne gjestar kom med trugslar
Fredag i 23.20-tida fekk politiet melding om ein konflikt ved eit selskapslokale i Os sentrum.
To ubedne gjestar som ikkje fekk koma inn, to gutar i slutten av tenåra, skal ha kome med trugslar.
Dei var vekke då patruljen kom fram.
Utrykking til brann - var truleg hasjrøyk
Klokka 23.13 fredag kveld rykte politiet ut for å bistå brannvesenet på ei adresse til ein kommunal bustad.
– Alarmen hadde gått, men det var ikkje brann. I staden lukta det hasj, men det blei ikkje funne noko, så det blei heller ikkje oppretta noko sak.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.