To varebilsjåførar blir melde til politiet etter kontroll
Statens vegvesen og politiet gjennomførte kontrollar på Svegatjørn og i Os torsdag.


Statens vegvesen gjennomførte torsdag 4. juni kontroll av tunge køyretøy og varebilar på Svegatjørn kontrollplass i samarbeid med politiet.
Statens vegvesen har også vore på streifkontroll i Os.
Kontrollane resulterte i eitt gebyr, fem bruksforbod og fleire tekniske manglar.
I tillegg vil to førarar av varebil bli meldt til politiet.
Politiet promilletesta
– Politiet gar vore med oss i dag for å ta promillekontroll, seier John Kåre Larsen frå Statens vegvesen.
Det var hovudsakleg vogntog- og lastebilsjåførar som blei beden om å blåse i alkometeret.
Av 57 kontrollerte førarar hadde ingen promille.
– Det er betryggande med tanke på trafikksikkerheita, seier Larsen.
Men dei fann andre ting å reagere på.
Mangla løyve for godstransport
Både på Svegatjørn og i Os avdekka kontrollen ein varebil som frakta gods, men mangla påkravd løyve om godstransport.
Begge fekk bruksforbod til løyve kan visast fram, og forholda blir politimeldte.

Bruksforbod for lastsikring og sikt
Eit køyretøy fekk bruksforbod fordi underkøyringshinderet ikkje var forskriftsmessig trekt ut under køyring. Feilen blei retta på kontrollplassen.
Eit anna køyretøy fekk bruksforbod på grunn av mangelfull lastsikring.
Under streifkontrollen blei det dessutan gitt bruksforbod til eit køyretøy som hadde gjenstandar plasserte i siktsona.
Fleire tekniske manglar
Det blei også avdekka fleire tekniske manglar.
På Svegatjørn hadde eitt køyretøy feil plassering av registreringsskilt, som difor ikkje var lesbart. Eitt køyretøy hadde sprekk i frontruta, eitt hadde feil ved fartsskrivaren, og eitt hadde feil på lysutrustinga.
Under streifkontrollen blei det avdekt åtte køyretøy med ulike feil på lysutrustinga. Eitt køyretøy hadde skadd frontrute, medan eit anna hadde defekt spegel.
Ein førar fekk også eit gebyr på 500 kroner for ikkje å ha med vognkort i køyretøyet.