Tobias Heltne Alme til Lysekloster
Hentar nok ein Fyllingsdalen-spelar, denne gong ein offensiv, ung veteran.

Søndag fortalte Lysekloster om signering av Audun Øvrelid og Ronny Rojas har gått frå Fyllingsdalen til Lysekloster. Dagen etter slo Tobias Heltne Alme følgje.
Alme er 22 år, men har allereie 115 kampar for A-laget til Fyllingsdalen bak seg.
– Eg har den siste tida tenkt at eg ville prøva noko nytt, og då eg fekk ein telefon frå Ruben Hetlevik, som fortalte om planane til Lysekloster, så visste eg at dette var noko eg ville vera med på, seier Tobias ifølgje Lysekloster si Facebook-side.
Han har vakse opp i Fyllingsdalen og spelt på Varden frå han var 7 år.
I 2013 var han med på å vinna junior-NM i fotball, i 2015 var han med på å slå Haugesund ut av cupen.
Alme spelte 27 kampar for Fyllingsdalen i fjor, og skåra 9 mål.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.