Sport | 10. des. 2017

Todin har køyrd inn 220.000 sidan debuten i juni

Eigarane Ove Lunde og Therese Halhjem gler seg over nok ein siger på travbanen.

Todin har køyrd inn 220.000 sidan debuten i juni
F.v.: Eigarane Ove Lunde og Therese Halhjem saman med oppassar Elisabeth Storetvedt. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. des. 2017 10:16

– Han er veldig enkel å køyra, seier kusk Odd Storetvedt.

I går tok Storetvedt og Os-hesten Todin ein rå siger i Gullsmed Otterens løp på ForusTravbane i Stavanger.

Premien var 70.000 kroner.

– Dette var veldig kjekt! Han har gjort det veldig bra sidan han i juni hadde sitt første løp, seier Therese Halhjem.

Ho eig hesten saman med Ove Lunde.

Har vunne 8 av 11 løp

Todin har no vunne 8 av 11 løp og var favoritt i gårsdagens 6. løp, V75-4, kaldblodshestar 2040 m volte.

Han kom i mål på 29,9.

I tillegg står Todin med ein 2. plass og ein 3. plass etter sine 11 første løp.

– Den einaste gongen han ikkje har vore på pallen var han sjuk, fortel Therese på veg heim frå Stavanger laurdag kveld.

Til saman har Todin køyrd inn 220.000 kroner det halve året han har vore på banen.

Eigarane hadde med seg oppassar Elisabeth Storetvedt og assistent Lisbeth Moberg på turen.

I ulykke for to år sidan

Todin er avla på hoppa Todina, som Therese og Ove eigde saman med Terje Lyssand. Todin var utegangar i Stavanger som føll før han kom heim til Os for å bli trent.

Vinnarhesten er ein av dei to som var involvert i den dramatiske ulykka i hesteløypa for to år sidan.

Therese og Lisbeth trentekvar sin hest i løypa då dei møtte turgåarar med paraply. Kuskane blei kasta i grøfta og hestane sprang til skogs, med vogn, i vill gallopp.

– Det er fleire månadar med trening rett i dass, sa Lisbeth til Midtsiden etter ulykka i november 2015.

Sjølv om kuskane og hestane fekk seg ein støkk, og nokre sår, var ho glad for at hestane ikkje hadde skadd andre på si lause ferd i Osmarka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.