Sport | 06. aug. 2012

Tøff oppkøyring

Treningsleir i Kroatia, opningscup i Bergen, turnering i Førde og cupkamp mot Sola. Ei tøff oppkøyring mot seriestart.

Tøff oppkøyring
Sundag blei dei siste testane gjennomførd før avreise til Kroatia. Ostrenar Erlend Lyssand overvaka det heile strengt med stoppeklokka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 06. aug. 2012 07:24

I dag, måndag, set handballdamene til Os Turn seg på flyet til Kroatia. Ikkje for sol og bad som dei fleste andre, men for å gå gjennom ei tøff treningsuke i varmen.

- Vi ville ha ei veke der vi var samla og fekk terpa detaljar.

- Då det viste seg at det ikkje var vesentleg dyrare å leggje turen til Trogir i Kroatia enn å ha den her heime blei det slik, fortel Ostrenar Erlend Lyssand.

Saman med 19 av dei 24 spelerane han har i troppen skal han tilbringe den neste veka i 35 varmegrader for å finpussa spelet.

- VI har leigd oss ein hall rett ved leilegheitene vi skal bu. Treningsfasilitetane skal vera gode, så dette har eg stor tru på. Det å skal trena i varmen blir ei tøff utfordring, men vil vera med på å gjera oss tøffare også i hovudet. Klarar vi å yte maks i 35+, skal vi klare det i +5 og, smilar Lyssand.

Tett kampprogram

Os Turn skal ikkje spele kampar medan dei er i Kroatia, men berre ei veke etter heimkomsten brakar det laus med tøffe treningsturneringar fram mot seriestart 15. september mot Bjørnar.

- Helga 17.-19. august deltek vi i opningscupen i Haukelandhallen med to lag og møter mange av dei andre laga frå Bergensregionen.

- Deretter tek vi imot Volda som spelte om opprykk til 1. divisjon i vår midt i veka, før vi reiser til Førde for å spele mot Fana (1.div), Førde (2. div) og Molde (2.div) helga etter.

- Det heile rundar av når vi tek imot eliteserielaget Sola til 2. runde i NM onsdag 5. september heime i Oshallen.

Nøgd med eigeninnsatsen

Sundag gjennomførte handballdamene dei siste testane for at trenaren skulle få sjå korleis dei har skjøtt eigentreninga gjennom sommaren.

- Vi trente felles fire økter i veka i mai og juni. Juli trente jentene på eigenhand før vi starta oppatt no 29. juli.

- Eg tykkjer det ser bra ut. Jentene har vore flinke, skryt Lyssand medan han ser ned på resultata frå dei fysiske testane.

Tertneskeeper som trenar

Eit av krava frå spelargruppa før sesongen var at trenarapparatet skulle styrkast på keepersida.

- Vi har fått til ei avtale med Tertneskeeper Aina Eide som kjem til å følgje opp keeperane våre gjennom sesongen med tips og råd.

- Ho kjem òg til å ha nokre samlingar med dei for å gje meir detaljerte innspel, forklarar Lyssand.

Damelaget til Os tel 24 spelarar som skal dekkje dei to laga i 2. og 3. divisjon kommande sesong.

- Det at vi klarde opprykket til 3. divisjon med 2. laget var viktig for å gje alle eit skikkeleg kamptilbod. Eg trur denne sesongen kan bli artig, smilar Lyssand før han piskar spelarane i enno ei ny øving.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.