Lokal | 25. mai 2009

Tøff på tre hjul

Ein motorsykkel med tre hjul vekkjer i desse dagar oppsikt på vegane i Os. Midtsiden har testa den spesielle sykkelen.

Tøff på tre hjul
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. mai 2009 11:57

Bildeserie:

1 av 6

Anders Arefjord har hatt sans for spesielle kjøretøy så lenge han kan hugsa. Frå før har vi sett han i ein Dax Rush (liten, britisk, sjølvbyggarbil), i Os sin første partycat (flytande terrasse med påhengs - bygd for fest) og i RibCat 38, verdas raskaste rib.

Siste spektakulære kjøretøy i stallen er ein Can-Am Spyder, ein motosykkel med to hjul framme og eitt bak.

- Eg såg den på nettet og reiste til Bilskadesenteret på Midttun for å kjøpa ein. Sykkelen er produsert av dei same som lagar Bombardier vassjet, fortel Anders.

Sykkelen har avtagbart hengarfeste, og kan dra tilhengar for vassjet. Og jaggu blei det ikkje ein vassjet med på kjøpet, også den av ganske spesiell sort, med blant anna demping i setet.

Kvar er bremsane?!
Då eg fekk høyra om ein motorsykkel med to hjul framme og eitt bak, såg eg for meg noko dragrace-aktig, langt og spinkelt, ikkje den kompakte batman-liknande Can-Am-en som eg fekk testa i helga.

Anders viste med reversen, opning av bagasjerom framme og opplåsing av sal for fylling av bensin. Men han fortalte ikkje at sykkelen manglar handbrems, så allereie i første kryss heldt det på å gå gale.
Den har bremsar på alle tre hjul, men bremsane blir aktiverte av pedalen åleine, akkurat som når du kjører bil. Og can-am har ABS-bremsar(!).

- Vittig!
Har sykkelen meir enn to hjul kan du ifølgje Arefjord kjøra med førarkort klasse B. Men den er registrert som motorsykkel, så du kan kjøra gratis gjennom bompengestasjonar, og du må hugsa å bruka hjelm.

Underteikna har også klasse A, noko som kanskje er ei ulempe når du kjem til svingane, og sykkelen legg seg feil veg. I høgare fart stramma det seg til, så då var det faktisk mindre forskjell.

- Den er veldig vittig å kjøra! Det er litt uvant når du har kjørt vanleg mc frå før, men elektronisk styring av både brems og demping gjer at den held seg stabil i svingane, også i stor fart, seier Anders.

Noko du også må venna deg til, er at sykkelen er breiare enn ein vanleg motorsykkel. Det nyttar ikkje legga seg på gulestripa og kjøra forbi bilar medan det kjem trafikk imot.

Enkel til opplæring
Med to hjul framme treng du ikkje å tenka på balanse. For dei som lurer på å ta sykkellappen, men aldri har kjørt verken moped eller tung sykkel, kan dette vera ein fin sak å bruka når du skal læra deg med gir og styre. Sjølv om ikkje det med balanse er så vanskeleg som ein kanskje skulle tru.

Anders fortel blant anna at hans betre halvdel set stor pris på det nye kjøretøyet. Sjølv liker han seg best på sjøen.

Motoren er på 990 kubikk og 106 hestekrefter, og gjev med to sylindarar ein tøff dur. Sykkelen er morosam å kjøra!

Eg lurte litt på om det var den spesielle konstruksjonen, eller det at det er ei stund sidan eg har kjørt sykkel, som gjorde at det krevde litt å halda ein respektabel fart over Ulvensletta. Men mot slutten av kjøreturen oppdaga eg at det står mph på speedometeret, ikkje km/t ...

Fakta om Can-Am Spyder:
Produsent: BRP Rotax
Type: 990 V-Twin
Hestekrefter: 106
Drivstoff: Blyfri bensin, min 87 oktan
Vekt: 317 kg
Sylindarar: 2
Gir: 5-trinn manuell, men kjem også med automatgir
Dimensjon, bakdekk: 225/50R15
Bremser: Hydraulisk brems (ABS+EBD) på alle tre hjul + parkeringsbrems.

Les meir om Can-Am her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.