Sport | 29. aug. 2010

Tøff, tøffare, tøffast

Sundag var drygt 180 tøffingar i alderen 3 til 50 år samla ved Ulvenvatnet til Os Triathlon.

Tøff, tøffare, tøffast
Andris Hamresøndag 29. aug. 2010 17:37

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 18
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Det er tredje gongen Bergen Triathlonklubb arrangerar Os Triathlon. Eit løp dei kallar Vestlandets vakraste sprint-triathlon i og ved Ulvenvatnet.

Os Triathlon er tre konkurranser i eitt. Noregscup for eliten, barneløp for alle til og med 13 år og eit mosjonsløp for alle over 13 år.

SJÅ VIDEO FRÅ BARNELØPET
NEDST I ARTIKKELEN

- Vi er svært nøgd, seier løpsleiar Geirmund Sangedal.

Arrangørane sette i år ny deltakerrekord med dobbelt så mange deltakarar som i fjor.

- Det gav oss nokre utfordringar, men med fantastisk hjelp frå Os Roklubb og dei andre samarbeidspartnarane gjekk det greit, fortel Sangedal.

Lokal siger
I Noregcupen var konkurransen i herreklassa sterk. Noregsmeister Håkon Johannesen frå Østmarka IL måtte sjå seg slått av to lokale utøvarar. Junioren Kristian Blummefelt frå Bergen Triathlon Klubb leia etter symjinga, men på dei siste fem kilometarane med løping blei fusingen Gudmund Snilstveit for sterk og drog i land sigeren.

- Eg følte eg hadde god kontroll heile vegen, men var redd Kristian skulle klara å halda følgje med meg på løpinga, fortel Gudmund Snilstveit.

- Symjinga gjekk bra. Eg har trent mykje symjing den siste tida, men ikkje følt at eg har blitt noko betre. Derfor var det deilig å sjå at eg hang med dei beste etter symjinga, seier Snilstveit.

- Syklinga gjekk treigt, men eg sparte på kreftene og følte eg hadde kontrollen.

På løpinga rykte han frå ved runding 2,5 km og då måtte Blummefelt gje tapt.

Tøffe ungar
Etter at noregseliten hadde gjort seg ferdige med sitt løp var det dei yngste sin tur. Ungar i alderen 3 - 13 år deltok i barnetriathlonen som gjekk over inntil 50 meter symjing, 2,5 km sykling og om lag 1 km løping.

Innsatsviljen og iveren var det ikkje noko å seia på. Uten frykt kasta dei 67 ungane seg ut i Ulvenvatnet som var om lag ti gradar varmare enn lufta på land.

Godt hjulpen av mor og far fekk dei tørka seg litt og kasta seg på sykkelen før dei tok seg til mål til velfortjent medalje og ei lita overrasking frå arrangørane.

Endå tøffare mosjonistar
Midtsiden.no lét seg imponera over dei 86 deltakarane i mosjonistklassa. I akkurat same løypa som noregseliten hadde konkurrert i tidlegare på dagen gav dei jernet og viste ein innsats det står respekt av.

Berre prøv dette: 750 meter symjing i Ulvenvatnet, 20 km sykling ut i Strøno før du løper 5 km langs Ulvenvatnet.

- Eg håper vi kan være med på å gjere dette til eit årleg arrangement, sa ordførar Terje Søviknes før han gav dei spreke mosjonistane startsignalet.

SJÅ STOR BILDESERIE FRÅ ALLE TRE LØPA
PÅ MIDTSIDEN SI FACEBOOK-SIDE.

Resultata frå løpa finn du på Os Triathlon si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.