Sport | 27. apr. 2015

Tøffe jenter trassa regnet

Den store jentefotballdagen hadde rekordpåmelding og venteliste - og 260 av 265 påmeldte stilte opp i striregnet.

Tøffe jenter trassa regnet
Dei 265 heldige. 35 jenter sto på venteliste etter at jentefotballdagen blei fullteikna på 50 timar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2015 11:44

Bildeserie:

Eirik André Hesthamar er imponert over at så mange stilte opp i regnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirik André Hesthamar er imponert over at så mange stilte opp i regnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Toppseriespelar Åsne Takle Eide (t.v.) var med som instruktør. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Toppseriespelar Åsne Takle Eide (t.v.) var med som instruktør. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Talenta Anna og Michelle stilte som hjelpeinstruktørar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Talenta Anna og Michelle stilte som hjelpeinstruktørar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klar for trening i tett regn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klar for trening i tett regn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kristoffer «Doffen» Karlsen Hjertholm var DJ og dagens rockestjerne. (Privat foto)
Kristoffer «Doffen» Karlsen Hjertholm var DJ og dagens rockestjerne. (Privat foto)
Oppvisinga med CheeriOs var eit populært tiltak. (Privat foto)
Oppvisinga med CheeriOs var eit populært tiltak. (Privat foto)
1 av 6

Laurdag var det tid for årets jentefotballdag på Kuventræ. Rekruttering- og treningsarrangementet, som er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire idrettslag i Os, har blitt stadig meir attraktivt.

– I fjor fekk vi plass til alle dei 260 påmeldte, i år var jentefotballdagen fullteikna på 50 timar. Vi hadde i tillegg 35 på venteliste, fortel Eirik André Hesthamar frå IL Øyglimt.

Han er ein av eldsjelene i arrangørgruppa som laurdag tok imot den store mengda nye og komande jentefotballspelarar mellom 5 og 10 år i alder.

– Det blir meir romsleg neste år, når det er tre kunstgrasbanar på Kuventræ.

Imponerande oppmøte

Med ei lang, samanhengande regnbyge frå morgon til kveld var arrangørane spente på kor mange som ville dukka opp.

– Jentefotballdagen er gratis, og då er terskelen gjerne lågare for å ikkje stilla.

– Men så og seia alle kom, eg trur vi var 260 av 265 påmeldte. Det imponerer meg at både jentene og foreldra har så gode haldningar.

Fleire 5 år gamle jenter hadde si første fotballtrening i striregnet laurdag.

Under tak før skjema

Jentefotballdagen varte frå klokka 12.30 til klokka 19, med oppmøte og utdeling av tskjorter og ball blei følgt opp med oppstilling for fotografering før treninga starta.

– Planen var å trena frå klokka 13.30 til 16, men i 15-tida var dei så våte, og fleire av dei yngste så kalde, at vi bestemte oss for å framskynda discoteket.

Spelarane marsjerte inn i Oshallen ein time før skjema. Også måltidet blei tatt innandørs i staden for i telt.

– I Oshallen hadde vi hoppeslott og diskotek. Det var også veldig populært at DJ Doffen (Kristoffer Karlsen Hjertholm frå Os Rockeklubb), i tillegg til å vera DJ, sette seg på ein krakk og spelte akustisk.

– Han blei sett på som ei rockstjerne, eg veit ikkje kor mange autografar han skreiv på armane til jentene. Dette med show og underhaldning var spelarane veldig klare for, også CheeriOs hadde ei flott oppvising.

– Det blei dessverre ltt mindre fotball i år enn i fjor, men det viktigaste var å ta godt vare på jentene, at det blei ein god dag. Så får vi håpa at mange av desse finn seg ein plass i idrettslaget i eigen heimkrins.

– Det er veldig mange unge jenter som speler fotball i Os for tida, og mange flinke unge spelarar stiller også opp som hjelpeinstruktørar. Det betyr mykje for desse yngste, seier Eirik André.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.