Sport | 09. aug. 2012

- Tøft, men overraskande greitt

Eivind Hodneland blei utfordra av svogeren. Ti månader seinare kryssa han mållina i verdas hardaste triathlon på vel fjorten og ein halv time.

- Tøft, men overraskande greitt
Eivind på den 180 kilometer lange sykkeletappa (privatfoto)
Andris Hamretorsdag 09. aug. 2012 11:37

Norseman Xtreme Triathlon blir kalla verdas hardaste triathlon med sine 3,8 kilometer symjing, 180 kilometer sykling (opp Måbødalen!) og 42,2 kilometer løping.

For ti månadar sidan fekk svoger Kristian Lunde Lyssand plutseleg det for seg at han ville vera med på løpet. Då kunne ikkje Eivind vera dårlegare og la seg i hardtrening.

- No fekk ikkje Kristian plass, men eg var heldig og blei trekt ut, så då var det berre å intensivera treninga enno meir, fortel den ferske triathlonutøvaren.

- I staden var Kristian saman med sambuaren min Marianne støtteapparat. Utan deira hjelp hadde eg ikkje kome til mål.

Heile 1450 utøvarar hadde meldt si interesse for å delta. Sidan Norseman i år feira tiårsjubileum arrangerte dei to løp, eitt laurdag med 240 deltakarar og eitt sundag med 250 på startferja.

5x Lyshornet på rad

Treningsinnsatsen har Hodneland lagt ned i og rundt Os.

- For å førebu meg på tøffe motbakkar la eg mellomanna nokre økter til Lyshornet der eg løp opp og ned fem gongar på rad. Ikkje akkurat det artigaste, men det kom godt med, smilar Hodneland.

Berre 13,5 gradar i vatnet

I tillegg har det sjølvsagt blitt mange meter i bassenget i Osbadet for å øva til dei 3800 meterane med symjing.

- Eg kan jo ikkje svømma, så det var kanskje det området eg hadde størst utfordring.

- Når det i tillegg berre var 13,5 gradar i sjøen ved Eidfjord blei det tøft, men eg kom meg gjennom det.

Hodneland brukte 1:36:31 på dei tøffe 3,8 kilometrane i vatnet inn til Eidfjord.

Fin tur over vidda

Frå strandkanten i Eidfjord gjekk turen over på sykkelsetet og opp Måbødalen til Hardangervidda.

- Det er klart det var ei tøff klatring opp på Hardangervidda, men då vi først var oppe blei det ein fin tur med medvind over vidda, fortel Hodneland.

Ekstern lenke: Sjå Eivind på veg opp Måbødalen hjå dn.no

180 kilometer på sykkelsete på 7:36.56 kan ta knekken på dei fleste, men for Hodneland og dei andre triathlonutøvarane sto framleis ein maraton igjen å løpe.

Zombie Hill

Dei første 25 kilometrane av løpinga går i relativt flatt terreng, men så kjem den tøffe utfordringa.

- Eg kan skjønne kvifor dei kallar det Zombie Hill, smilar Hodneland.

I løpet av 7 kilometer skulle løperane klatra 1000 høgdemeter, noko som blei ei tøff utfordring.

- Det var tungt, og eg løp nok som ein zombie opp dei bakkane, men eg kom opp.

Dei fleste av oss vil nok kalle vêret som perfekt med 25 varmegradar, men for utøverane var det ikkje det beste.

- Det blei litt vel varmt. Eg kunne nok heller ønskja meg 17 grader og litt regn.

Fekk «berre» kvit skjorte

Inn mot mål skil arrangørane deltakarane i to løyper. Dei 160 som ligg lengst fram i løypa (puljestart) flyg opp på Gaustadtoppen, medan dei bak løper ei anna løype mot hotella nedanfor.

- Eg kom til kontrollpunktet som løpar nummer 161 og fikk difor ikkje springa opp på Gaustadtoppen.

- Det irriterar. Eg skulle gjerne hatt den svarte t-skjota.

Sjølv om deltakarane spring like langt er ligg det prestisje i å få løpe opp på Gaustadtoppen og kunne kle seg i den svarte deltakerskjorta. Dei som løper direkte til hotella får nemleg ei kvit ei.

- Har du tatt skrekken, eller melder du deg på neste år òg?

- Nei, eg må jo ha den svarte skjorta, så eg kjem nok til å melde meg på igjen, avsluttar Eivind Hodneland med eit smil.

NRK Puls var òg til stades og vil sende to program frå løpet 27. august og 4. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.