Kultur | 17. mai 2010

Toget 2010

Sjå video og bildeserie frå årets 17. maitog i Os sentrum.

Toget 2010
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. mai 2010 18:28

Bildeserie:

1 av 22

Frå oppstilling til ferdig marsj, årets tog fekk gå i opphaldsvêr, lite vind, men ikkje så veldig høg temperatur gjennom Os sentrum, til Lurane og tilbake til Kyrkjeflaten i dag.

SJÅ BILDE OG VIDEO FRÅ FEIRINGA PÅ KYRKJEFLATEN

Amcar-gjengen og russen i enden av toget svingte ut Hamnevegen forbi Irisgården, for ikkje å møta ordførar og lensmann i fronten av toget, då dei kom i retur frå Lurane. Dette gjekk ikkje heilt knirkefritt på den krunglete Hamnevegen, men alle var rydda av Osbrua, som er under oppussing, før toget kom i retur.

På Kyrkjeflaten blei speidarane sitt innslag i toget kåra til årets beste, Os brannvesen, som tydeleg viste at dei saknar ny stasjon, blei kåra til det mest morosame.

SJÅ BILDE OG VIDEO FRÅ JAZZ PÅ MS MIDTHORDLAND

Blant dei som var nye i årets tog var Os Wolverines, blant dei som tydeleg har vakse i lengde dei siste åra var Os MC & MX klubb.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.