Sport | 26. aug. 2019

Tok 1. plass i X-Run Oslo

Christina ville ha eit roleg comeback etter eit år ute med skade.

Tok 1. plass i X-Run Oslo
Christina Forstrønen Bruarøy, her i lagkamp i X-Run Bergen i fjor, stakk av med individuell 1. plass i X-Run Oslo laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 26. aug. 2019 08:15

Christina Forstrønen Bruarøy (21) vann laurdag X-Run OCR i Grefsenkollen i Oslo.

Den tidlegare Opptur Motbakkeklubb-løparen sette løyperekord i 6,7 km lange Ulvenvatnet Rundt både i 2017 og 2018, men fekk tretthetsbrudd i foten i fjor haust. Ho har no vore nesten eit år utan løpetrening.

– Tidlegare har eg løpt på fotballbane, i terreng eller på svært kostbare møller på Haakonsvern. Då eg flytta til Oslo i fjor blei det mykje asfalt, eg reknar med at det er årsaka til skaden, seier Christina.

Brotet kom tilbake i vinter, i april gjekk ho på krykker og heller ikkje i mai kunne å jogga. Men ho har fått god vegleiing og støtte frå det medisinske apparatet rundt hennar nye klubb, Tjalve, og i juni fekk ho sin første løpetur på lenge.

– Eg måtte selja billetten min til Bergen City Marathon og avlysa ein planlagt tur til Jungfrau Fjellmarathon i Sveits. Eg har framleis smerter i foten, og sidan løpeformen aldri har vore så dårleg som no, ville eg utfordra meg sjølv på noko som ikkje berre går direkte på fart.

Stakk av med sigeren

Ho valte kortaste av to distansar, enkeltrunde i staden for to rundar i den 4 km lange hinderløypa, då X-Run laurdag blei arrangert i Oslo.

Christina kom i mål på 33.10 og tok 1. plassen 58 sekund framfor Anne Thoresen og nesten tre minutt framfor Matilde Tunstad på 3. plass.

– Eg veit ingenting om konkurrentane mine eller nivået, og var overraska over at eg vann. Sigeren legg eg ikkje så mykje vekt på, det var gøy å konkurrera igjen.

Det var 70 kvinner med på denne distansen, 37 av dei brukte over ein time på løypa.

• Sjå komplett resultatliste på xrunocr.no

– Hinderløp passar meg bra, eg trivst både i terrenget og over og under rundt 20 hinder. Eg saknar monkeybar og vannhinder, slik vi hadde då eg deltok med lag i X-Run i Bergen i fjor, men det var ei grei løype.

– No vil eg halda fram med å jobba på grus og i terreng, så kanskje eg kjem meg i form igjen til Bergen City Halvmaraton neste år, seier reklamestudenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.