Lokal | 04. apr. 2019

Tok 11 syndarar i 3 kontrollar

Politiet hadde fartskontroll på både Lepsøyvegen og Lyseklostervegen onsdag.

Tok 11 syndarar i 3 kontrollar
Politiet hadde laserkontoll på Thuen to gongar onsdag. Høgaste fart i 50-sona var 68 km/t. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. apr. 2019 07:24

Politiet har fokus på trafikk denne veka, og i går gjennomførte dei tre fartskontrollar med laser.

– Éin patrulje hadde kontroll på Lepsøyvegen ved Os Lakk og Karosseri frå klokka 12.40, ein annan var tilbake klokka 17.50, og hadde i tillegg kontroll på Lyseklostervegen veg Ulven leir frå klokka 19.50, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Sånn blei resultatet:

Lepsøyvegen, 50-sone: To reaksjonar midt på dagen, der høgaste fart var 62 km/t, noko som fører til forelegg på 3800 kroner. På kvelden var det sju reaksjonar, der høgaste fart var 68 km/t, som resulterer i 5500 kroner i forelegg.

Lyseklostervegen, 50-sone: To reaksjonar, der høgaste fart var 60 km/t, som gir 2100 kroner i forelegg.

Utan førarkort - med narkotika

Også utrykningspolitiet patruljerte i Os i går. I Mobergsbakken stoppa dei ein bilist som ikkje har førarkort.

I tillegg blei det funne mindre mengder amfetamin i bilen. Bilførar blei tatt med for blodprøvetaking og er meldt for både køyring utan gyldig førarkort og for oppbevaring av narkotika.

Vedkomande er ein mann i midten av 30-åra med adresse i ein annan kommune enn Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.