Lokal | 04. feb. 2019

Tok 15 taiji-elevar med til Bali

Karateveteran Cato Bruarøy har starta senter og treningsturar med qigong og taiji.

Tok 15 taiji-elevar med til Bali
Cato Bruarøy (t.v.) kom nyleg heim frå to veker på Bali med taiji- og qigong-elevar frå Noreg. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. feb. 2019 20:41

Bildeserie:

1 av 18

Parallelt med karatetrening har Cato Bruarøy fatta interesse for fleire asiatiske kunstar, blant anna meditasjon, taiji (tai chi) og qigong.

– Mange ser nok på tai chi som parkgymnastikk for eldre kinesarar, men det er faktisk ein gamal kampkunst. Eg prøvde det sjølv då eg budde i Oslo, i ein periode med skade som hindra meg frå å trena karate.

Då han meldte seg på kurs i «Taiji37» stifta han eit avgjerande bekjentskap.

– Instruktøren, ei kinesisk kvinne som budde i Belgia, var dottera til ein kjent lege og instruktør, dr Shen. Eg reiste fleire turar på kursa hans i Belgia og London for sjølv å utdanna med til å ta dette vidare.

Til saman blei det 6 år utdanning i systema til dr Shen, 3-årig utdanning til BUQI-terapeut og 3 år tillegg med instruktørutdanningelse på deltid.

Å opna akupunkturbanane

Qigong utgjer saman med blant anna akupunktur og urtemedisin «den tradisjonelle kinesiske medisinen».

– Teorien bak dei kinesiske øvingane er at akupunkturbanane blir opna. Metoden er rett haldning, god pusteteknikk, lett tøying og fokuserte avslappingsøvingar.

Elevar fortel om god smertelindring i rygg og andre ledd, og betra humør.

– Utgangspunktet mitt var at eg sjølv hadde svært god effekt, først etter omfattande kneskade, seinare med kjensle av eit heilt anna overskot i kvardagen, fortel Bruarøy.

Han skildrar øvingane som noko mindre akrobatiske enn yoga.

– Blant dei som har trent hos meg desse 8-10 åra er menn og kvinne i ulike aldrar, frå 18 år til 85, med eit fleirtal over 35 år. Treningsforma er litt spesiell, men skånsom og kan gjennomførast av dei fleste.

Lang treningsfartstid på Bali

I januar kom Bruarøy og 15 elevar tilbake frå to veker med qigong på Bali.

– Eg har vore engasjert av GoStudy! for å undervisa i karate. Det blei fleire turar til Bali og Australia frå 2011 til 2017.

Med gode kontaktar på Bali, og tett samarbeid med Travelnet Os Reisebyrå, sette han opp tur.

– Temperaturen, prisnivået og omgjevnadane er fantastiske for denne typen reiser. Os Reisebyrå er ekspertar på Bali. Ved sidan av trening, billg massasje og god mat, byr Bali på mange fine opplevingar. Det er ikkje utan grunn at landet er kåra til verdas beste turistdestinasjon dei siste åra.

– Blei turen påverka av tsunamien?

– Ikkje på andre måtar enn at mange spør. Områda vi var er like langt frå det katastroferamma området som Bergen er frå Berlin.

Nytt senter og nye turar

Turen i januar var Cato sin andre qigong-tur til Bali. Fleire av deltakarane vil vera med på neste tur, mens han òg har fått tilbakemelding på at avstanden og prisen på flyturen er i største laget.

– Derfor vil eg setja opp turar også til Spania, den første allereie før sommaren.

Dei siste åra har Bruarøy undervist i taiji og qigong både i Oslo, Bergen og heime i Os.

– Eg held fram med kurs i Øyane, det neste startar i desse dagar.

Selskapet hans, CHI Kurs og Trening AS, har adresse i Os. Han opna i fjor treningstudioet «Qigongsenteret i Bergen», i nærleiken av Haukeland sjukehus.

– Det blir tre dagar i veka i Bergen og éin i Øyane. Eg har rundt 75 som trener hos meg frå veke til veke, ved sidan av karaten.

Os Karateklubb er i stor vekst, og skal inn i eige kampsportareal i Os Idrettspark. Samtidig gler Cato seg til nok ei reise austover, med karatevenar til Japan for å sjå karate som OL-grein for første gong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.