Sport | 17. juli 2016

Tok 3. plass i lag-NM

Bjørnefjorden Golfklubb var to slag frå opprykk til eliten.

Tok 3. plass i lag-NM
Laget frå BJGK (f.v.) Magnus Engevik, Alexander Heggland, Anders Engelsen, Gjermund Engelsen, Sverre Marcelius og John Arntzen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. juli 2016 19:29

I helga blei lag-NM for klubblag arrangert på ulike golfbanar.

– 1. divisjon er delt i to avdelingar, vår avdeling spelte på Mørk Golfklubb i Østfold, fortel Gjermund Engelsen.

Laget frå Os besto av Magnus Engevik, Alexander Heggland, Anders Engelsen, Sverre Marcelius og John Arntzen. I tillegg var Gjermund med som kaptein.

God start og god avslutting

Lag-NM gjekk over tre dagar med start fredag. Etter første dag låg BJGK på 2. plass.

– Laurdag blei ikkje fullt like bra, då dagen var slutt låg vi på 4. plass. Men i dag spelte vi oss opp igjen og landa på 3. plass.

– Alt i alt var det ei god helg med mykje bra spel, synest kapteinen.

– Greit å ikkje rykka opp

Dei to beste laga i kvar avdeling rykker opp til eliteklassen.

– Vi var berre to slag frå opprykk, men det var heilt greit å ikkje rykka opp.

– Skal du halda deg i eliteklassen, og gjerne prestera godt, så krev det mykje ressursar og mykje trening. Vi har fasilitetane, men ikkje heilt dei ressursane som skal til. Då er det betre å gjera det bra i 1. divisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.