Tok den første – vil ta den største

Søndag blei årets første laks fiska i Oselvo. – Eg er mest opptatt av å ta den største, seier Johnny Lund.

Johnny Lund med årets Oskar, ein laks på 7,5 kilo tatt i sone 2 søndag 6. juli. (Foto: Ole Vidar Søviknes, prohd.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. juli 2014 09:20

Søndag 6. juli, rundt klokka 10.15, tre veker etter at sesongen opna blei årets første laks tatt i Oselvo.

Johnny Lund fiska med spinner og drog laksen på land i sone 2. Fisken vog 7,5 kilo og var 95 cm lang.

– Eg er mest opptatt av å ta den største, men det var veldig kjekt å få den første, og at det var ein så fin fisk, seier Johnny Lund til Midtsiden.

Følg også fisket i Oselvo på fotograf Ole Vidar Søviknes si side, prohd.no.

Johnny sto åleine og fiska i skummet på fossen i den låge elva då laksen beit på.

Årets «Oskar»

Lund er medlem av Os Jakt- og Fiskelag og har med fangsten i går tatt årets «Oskar», første laks tatt av OJF-medlem.

– Eg trur eg har tatt Oskar ein gong før, men det er i så fall veldig mange år sidan.

– Men eg veit at eg som tenåring tok årets første laks før eg var medlem. Det var vel i 16-17-årsalderen eg og kameratane mine var lei av å bli jaga frå skanse til skanse då vi fiska utan kort, og fekk oss medlemsskap i fiskelaget, humrar Johnny.

Sønnavind og vatn

Det var då fiskekorta blei selt til medlemmar, dagen før dei blei lagt for sal hos MX Sport, at Lund tilfeldigvis fekk fiskekort denne helga.

Oslvo, som har vore låg sidan start, fekk seg litt påfyll i form av regn i og før helga.

Les òg: Blir første laks tatt til helga?

– Det var ikkje mykje regn som kom, så vi hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å fiska. Men så sa Leif Juvik at vinden hadde snudd frå nordavind til sønnavind, og han meinte at det kom til å gå opp noko fisk.

Juvik fekk rett, sønnavind og vatn gav effekt.

– Fisken gjekk opp då det var flo. Vi gjekk også på Osbrua og såg då det var flo på ettermiddagen, og det gjekk opp ganske mykje av all den store fisken som står i elveosen.

Såg fleire større fiskar

– Eg såg fleire fiskar før eg kasta spinneren uti og eg såg fleire større som gjekk opp fossen også etter at eg hadde landa laksen. Men den eg fekk på kroken var den einaste som nappa.

Lund har fiskekort i sone 2 frå torsdag til søndag også komande helg, men vil prøva å få seg kort også ein av dei første dagane.

– Det kjem til å gå opp meir fisk med det regnet vi har i dag. Om den bit eller ikkje gjenstår å sjå, kanskje fer han forbi og til rett til Søfteland. Men sånn elva er no så er det verdt å prøva, meiner Johnny Lund.

Desse har tatt Oskar dei siste åra:
2013: Nils Ekerhovd - sone 2 - 7,5 kilo
2012: Tor Åge Thuen - Kremretten - 6,5 kilo
2011: Ove Tumyr - sone 2 - 4,2 kilo
2010: Kjell Olsen - sone 4 - 3,9 kilo
2009: Atle Kolltveit - Kremretten - 8,6 kilo (årets første, uvisst om det var medlem/Oskar)
2008: Nils Ekerhovd - sone 2 - 7,4 kilo
2007: Paul Lekven - sone 2 - 6,3 kilo

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.