Lokal | 17. juli 2018

Tok ei veke ferie i oselvar

– Nærkontakt med skjergarden og god trening for overkroppen for oss som liker å gå i fjellet, seier Berit og Otto.

Tok ei veke ferie i oselvar
Berit Årdal og Otto Bårholm tilbake i Oselvarhopen etter ei veke på tur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. juli 2018 18:58

Bildeserie:

Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
1 av 4
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)
Berit og Otto på ferie i oselvar. (Privat foto)

Søndag kom sambuarparet Berit Årdal og Otto Bårholm frå Bergen inn til Os hamn etter ei veke på ferie i ein oselvar dei har leigd av Oselvarlaget.

– Vi hadde oss ei veke i oselvar i 2014 òg. Det gav ein fantastisk meirsmak. No fekk vi endeleg ein fin sommar igjen, så då var vi glad vi fekk tak i båt, seier Otto.

Sjølv hadde han store delar av barndomen sin på Fitjar, mens sambuaren har vakse opp i Gulen, og har tilsvarande godt forhold til sjø og båtliv.

– For 20-25 år sidan leikte eg med tanken på å ro rundt Bømlo på 24 timar. Men eg hadde ikkje båt, og åra gjekk. No har vi endeleg fått oss nokre langturar, men det har blitt som ferie, utan mål om å ro fort.

I 2014 rodde dei til Fitjar og rundt delar av Bømlo, i trange sund og gjennom ulike kanalar. I år blei det tur i Austevoll før Fitjar og Tysnes sto for tur.

Frå fjell til fjord, frå bein til overkropp

Berit og Otto er som mange andre glade i å gå i fjellet. Om nokre dagar held ferien fram med vandring i fjellheimen.

– For oss som liker å gå i fjellet er det godt med litt trening på overkroppen.

– Vi er ikkje noko erfarne roarar, men det er berre dei første dagane at du blir litt øm i setet og i nevane, og litt støl i resten av kroppen. Då vi har rodd nokre dagar, og då vi kom i land etter ei veke, kjentes det ut som om vi kunne vi ha halde fram i minst ei veke til.

Ferskvatn og fiske

Sjølv om skjergarden i og rundt Bjørnafjorden har fleire tettstadar og butikkar, kan du i robåt fort koma eit døgn eller to frå nærmaste handelsstad.

– Vi hadde med oss éin middag, i tilfelle, men den hadde vi med oss heim igjen. Dagens fangst blei middag kvar dag. Enkelte dagar sat den langt inne, det tok tid å få fisk og fisken vi fekk var liten, men vi klarte oss.

– Det som er viktig er å ha med seg nok ferskvatn. Går du tom for drikke og er timesvis frå nærmaste hus kan du ha eit problem.

Stille flyt mellom holmar og skjer

Turen gjekk frå Os via Øyane ut Strøneosen over til Hufthammer og forbi Austevollshella. Vind og bølgjer førte til litt pause i Kolbeinsvik før turen heldt fram forbi Bekkjarvik, over Selbjørnsfjorden og vidare rundt i skjergarden vest og nord for Fitjar.

– Du kjem til i smale sund og inn i idylliske, små lagunar der du ikkje kan køyra med motorbåt. Når du tar årene opp av vatnet er det fullstendig stille, du kan gli lydlaust tett på fine svaberg og legg merke til detaljar i naturen som du vil kjenna igjen til neste gong. Du får rett og slett med deg dei plassane du har vore!

– Vi synest dette er ein fantisk fin form for ferie, og du blir kjent med skjergarden på ein heilt annan måte enn om du er midtfjords i 40 knop.

Ikkje åleine

Paret overnatta i telt, men var innom og helste på venar eit par stadar. Siste del av turen gjekk via Bårdsundet (mellom Reksteren og Tysnes) til Våge og, til slutt, ein litt stri tur over fjorden og inn til Os.

– Vi i Oselvarlaget synest det er kjekt å sjå at folk set pris på å bruka båten, seier medlem i laget, John Lepsøy.

Medlemmar låner oselvarane gratis, andre betaler 100 kroner per døgn.

– Med låg medlemskontingent er det fort gjort å spara inn leiga, så dei fleste er snau med å melda seg inn. Laget har over 150 medlemmar no.

Lepsøy seier sambuarparet frå by’n ikkje er åleine om å legga ut på overnattingsturar i oselvar.

– I dag kjem eit par og låner ein båt dei vil ro rundt Tysnes med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.