Sport | 14. feb. 2013

Tok imot EM-helten

Både på Flesland og heime i karateklubben sto medlemmar og tok imot Åsmund Slettevold, som i helga tok bronse i EM. Neste utfordring blir NM, dagen etter at Åsmund har blitt seniorutøvar.

Tok imot EM-helten
Åsmund Slettevold fekk varm velkomst då han kom på trening i Os Karateklubb onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. feb. 2013 14:49

Åsmund Slettevold (17) er den einaste frå Hordaland på det norske landslaget i karate.

I fjor blei det ingen medalje på Noreg i junior-EM, i år tok Slettevold som einaste norske utøvar medalje då han vann bronsefinalen i -76 kilo i den eldste juniorklassen.

Les òg: EM-bronse til Åsmund

– Karate er ein stor idrett i mange europeiske land. I EM stiller berre den beste i kvar klasse frå kvart land, uansett stilart.

– Os Karateklubb kan visa til mange gode prestasjonar og internasjonale resultat, men Åsmund sin bronse i EM allstyle er den gjevaste i klubbens historie, medalje i EM og VM er også sjeldant i vestlandsk og norsk samanheng, seier hovudinstruktør Cato Bruarøy.

Talent, trening og familie

Bruarøy fortel om eit unikt talent som dukka opp i Os Karateklubb for nokre år sidan, Åsmund hadde talent nok til å vera suveren på regionale stemne i fleire år.

– Men talent er ikkje nok åleine og Åsmund har jobba knallhardt for å koma der han er i dag. Han har ein disiplin og treningsvilje som om han skulle levd av karate.

– At han har ein sparringspartnar i stortalentet og storebror Erlend har nok også hjelpt på, i tillegg har foreldra alltid stilt opp, med kjøring til og frå og engasjement på dugnad og med drift av klubben.

Også klubben er som ein stor familie. Måndag kveld dukka fleire av dei opp på Flesland for å ta imot medaljevinnaren og stemninga var stor då Åsmund kom på trening onsdag kveld.

– Sjølv om eg er på samling omtrent ein gong i månaden er det treningskameratane mine i Os Karateklubb som gjev meg mesteparten av den viktige matchinga og sparringtreninga.

– Det er ikkje vits for meg å reisa andre plassar i fylket for å trena mellom landslagssamlingane, Os har lange, gode tradisjonar og fleire utøvarar som held høgt nivå, seier Åsmund, takksam for støtta frå klubbkameratar og trenarar.

Kjekk og kald tur til Tyrkia

Om EM-turen fortel Åsmund om eit vêr som berre var nokre få gradar varmare enn her heime, om ein by (Konya) lite prega av turisme og om eit flott femstjerners hotell.

– Det er alltid kjekt å vera på tur med landslaget, men det sportslege har full fokus. Vi komtil Tyrkia tysdag og brukte onsdag og torsdag til siste førebuingar før stemnestart.

Han er sjølv veldig nøgd med eige resultat i dei jamne, tøffe kampane.

3-2 i dommaravgjerd

Tre av dei fire kampane han vann blei avgjort av dommarane, der fem dommarar stemmer over beste fighter, omtrent som i boksing, om ikkje resultatet er avgjort på knockout på førehand.

– Kampen eg vann 3-0 var også jamn, men der fekk eg inn eit spark som gav tre poeng heilt på tampen av kampen. Ein annan vann eg 4-1 på dommaravgjerd etter 0-0.

– I bronsefinalen leia eg 1-0, men der var det tøffare og då motstandaren utlikna rett før slutt var eg glad for at tre av fem dommarar heldt meg som vinnar.

Blir senior dagen før NM

Før EM-bronsen hadde Åsmund to gull i det opne, internasjonale stemnet Banzai Cup, gull i Stockholm Open og bronse i nordisk meisterskap som beste internasjonale resultat.

Årets EM var Åsmund sin siste sjanse til å ta internasjonal medalje som junior.

– Neste konkurranse for min del blir NM i Oslo i mars. Eg blir senior (18 år) dagen før, så det blir ein bråstart på nytt nivå.

Åsmund trur likevel medalje er innan rekkevidde.

– Det er to utøvarar som er spesielt sterke i min klasse, så gull skal halda hardt. Men eg går for medalje i NM også, sjølv om eg nok er yngstemann.

I april ventar nordisk meisterskap, der Noreg kan senda to utøvarar per klasse. Som seniorutøvar er Åsmund spent på uttaket, men først har han fokus på å prestera godt i NM.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.