Lokal | 31. juli 2010

Tok laks med hendene

Laurdag fanga Atle Kolltveit ein laks på 5,5 kg i Oselva. Med berre hendene.

Tok laks med hendene
Andris Hamrelørdag 31. juli 2010 16:02

- Han låg berre der, litt på sida, inni ei lita glipe mellom nokre steinar, fortel Atle Kolltveit då midtsiden.no møter han i Sone 2 i Oselva laurdag ettermiddag.

- Eg hoppa berre uti, tok tak i sporen på han og styrte han på land, fortel den røynde fiskaren.

Saman med Jan Vidar Kolsås hadde han då tilbrakt laurdagen i elva. Dei to fiskarane rapporterte om mykje fisk. Diverre tyder det på at det er mest oppdrettsfisk å få. Laksen Atle fekk på land var òg av den typen med ein god del luseskadar.

- Han kan ikkje ha hatt det så godt den karen der, avsluttar Atle Kolltveit før dei to fiskarane gjer seg for dagen med ein handfanga fisk i posen.

Omlag 75% oppdrettsfisk
Fleire Midtsiden.no har snakke med fortel at det er mest berre oppdrettsfisk å få i elva denne sommaren.

Basert på dei bileta og leietekstane Ole Vidar Søviknes har lagt ut på prohd.no der han følger fisket i Oselva har midtsiden.no rekna seg fram til at omlag tre av fire fisk som er fanga i Oselva i juli har vore oppdrettsfisk.

Sida til Ole Vidar tydar på at det er mykje fisk i elva, sjølv om mesteparten er røymd oppdrettsfisk, både laks og regnbueørret. Kor fisken har røymd frå er det ingen som veit. Siste kjende røyming var i byrjinga av juli då 8 800 fisk på omlag 5,5 kg kvar stakk frå Viking Fjord A/S sitt anlegg på Sunde i Sunnhordaland.

Sjå fleire bilete og fangstrapportar på prohd.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.