Tok lang Rosa sløyfe-løype på Kuventræ

Vanlegvis deltar dei i Bergen - i år blei det superlokal, virtuell versjon.

16 løparar på Team Anne Marit gjennomførte Rosa sløyfe-løp på heimebane. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. okt. 2020 09:33

Rosa sløyfe-løpet har vore ein suksess sidan 2015, med løp over heile landet, blant anna i Bergen, som dei siste tre åra har hatt flest deltakarar.

Løpet støttar Kreftforeningen og Brystkreftforeningen sin Rosa sløyfe-aksjon, og blir i år arrangert viruelt over heile landet.

Oppskrifta er enkel; Meld deg på, gå eller spring 3 eller 6 kilometer, registrer resultatet ditt på nett. Rosa sløyfe-løpet kan gjennomførast på valfri dag frå 4. til og med søndag 11. oktober.

– Vi er ein gjeng med osingar som har deltatt i Bergen dei siste tre åra, og som hadde plan om å delta i år òg.

– Då dette blei virtuelt så valte vi onsdag å samla oss på Kuventræ for å gjennomføra i lag, fortel Anne Marit Skjeie.

Dei 16 løparane valte lang løype, 6 kilometer, og gjennomførte med stil.

– Også menn kan få brystkreft, og dei kan naturlegvis støtta saka, så det var kjekt at vi òg hadde tre menn med oss.

13 kvinner og 3 menn kledde seg i rosa og sprang 6 km på Kuventræ onsdag.

Deltakarane var kledde i rosa. Med påmelding får du òg både startnummer og premie, men gruppa valte å lata startnummeret ligga.

– Konkurranse er ikkje det viktigaste på dette løpet, men å støtta ei god sak samtidig som du får mosjon, seier Anne Marit.

Sjølv kom ho ifølgje eqtiming.com på 31. plass av rundt 1.650 kvinner i Bergen i fjor, nummer 2 i klassen kvinner 55 til 59 år. Året før var ho endå raskare.

– Eg har inntrykk av at det er fleire løpemiljø og privapersonar i Os som deltar. No er det meldt fint løpevêr i helga, så det er berre til å henga seg på, oppmodar Anne Marit.

Om Rosa sløyfe-aksjonen

  • Målet med Rosa sløyfe-aksjonen er å vise solidaritet med brystkreftrammede, spre informasjon og øke kunnskapen om brystkreft samt å støtte brystkreftforskning.
  • Rosa sløyfe-aksjonen er en internasjonal folkebevegelse. I Norge står Brystkreftforeningen og Kreftforeningen sammen om aksjonen.
  • Rosa sløyfe har sitt opphav i USA der amerikanske kvinner på begynnelsen av 1990-tallet krevde større bevilgninger til brystkreftforskning. Siden den gang har organisasjoner, bedrifter og privatpersoner viet oktober måned til Rosa sløyfe-aksjonen.
  • Aksjonen har blitt arrangert i Norge siden 1999 og den har bidratt med over 280 millioner kroner til forskning på brystkreft.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.