Politi | 07. juni 2021

Tok nøklane frå bilist som mangla førarkort

– Han mista lappen for ei tid tilbake.

Tok nøklane frå bilist som mangla førarkort
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. juni 2021 07:37

Fredag blei ein bilist stoppa på Byvegen. Det viste seg at han ikkje har førarkort.

– Førarkortet er tidlegare beslaglagt, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Vedkomande, ein rumensk mann i 40-åra, som bur i Bergen, blei meldt.

– Bilen blei parkert og vi tok beslag i bilnøklane.

Søndag i 22-tida blei ein annan bil kontrollert på Byvegen. Bilen hadde svært dårleg mønster på eit dekk, og bilførar fekk gebyr på 750 kroner.

Aggressiv mann i sentrum

I 00.20-tida natt til laurdag fekk politiet melding om ein aggressiv mann utanfor ein av utestadane i Os sentrum.

– Mannen var fordufta då patruljen kom til staden.

– Sjølv om det var fint vêr og mykje folk ute, var det ei elles roleg helg for oss når det kjem til festing.

Natt til søndag kom det melding om mistanke om innbrot i Joker Søfteland. Det viste seg å ikkje vera spor etter innbrotsforsøk, men truleg ein brødbil eller annan leveranse.

Utforkøyring i låg fart

Laurdag kveld var det ei utforkøyring på Nore Neset.

– Uhellet skjedde på Skeisflaten, før skulen når du køyrer retning Strøno og Ulven.

Bilførar, ein mann i 30-åra frå Bjørnafjorden kommune, har førarkort.

– Det er ikkje mistanke om verken promille eller høg fart. Det kan sjå ut som om det skjedde i låg fart, at han fekk hjulet utfor vegkanten og hamna vidare inn i fjellveggen.

Bilførar var, med unntak av ein hund, åleine i bilen. Han blei lettare skadd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.