Kultur | 16. aug. 2013

Tok NRK i lufta

Norge Rundt-sendinga i kveld har Os Aeroklubb sin flyplass på Vaksinen som base.

Tok NRK i lufta
Kristoffer Samulelsen tok tysdag NRK i lufta. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. aug. 2013 11:12

Når NRK1 sender Norge Rundt fredag kveld, er det med Vaksinen flyplass på Ulven som base.

– Det er ei stund sidan sist, men dette er tredje gong vi har besøk av Norge Rundt, og vi synest naturlegvis at det er veldig kjekt, seier Svein Døsen frå Os Aeroklubb.

Innspelinga var tysdag.

– Det er elles veldig livlege dagar i klubben, vi er for tida i full sving med nybyrjarkurs i seglflyging og har fleire kjekker ungdomar i sving her oppe.

Sendinga startar klokka 20.05, og blant det du får sjå er når NRK-reportaren får seg ein tur i seglfly med osingen Kristoffer Samuelsen, som i fjor blei Noregs yngste flyinstruktør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.