Kultur | 28. juli 2012

Tok Os(s) på kornet

Sommarshow på Oseana: Både lokalpressa, øyafolk, fusingar og kappgjengarar fekk gjennomgå.

Tok Os(s) på kornet
Både Midtsiden og Os og Fusaposten fekk gjennomgå av Nils-Ingar Aadne (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 28. juli 2012 23:51

Laurdag kveld inviterte Oseana til sommarshow med Nils-Ingar Aadne (Nilsi), Jonna Støme og Cecilie Steinmann Neess. Framsyninga skulle eigentleg, og hadde fortent, vore vist tre kveldar, men dårleg billettsal gjorde at det blei med den eine.

Synd, for det blei ein underhaldande og latterfull drøy time i foajeen på Oseana.

Ein Nils i storslag, som hadde lest seg opp på lokalmedier (Os og Fusaposten og Midtsiden), ei kortvokst Cecilie Steinmann Neess, som var fylt med ein god posjon sjølvironi, og ein Jonna Støme med mang ei traumatisk oppleving med ex-svigerfedre og -damer, viste kvifor dei er av Noregs fremste standuparar.

Lokalmediene fekk sitt

Dei heile starta med det vi må få lov til å kalla showets store stjerne. Nils-Ingar Aadne, kjend frå mellomanna Senkveld med Thomas og Harald, oppretta raskt kontakt med publikum på første rad og viste imponerande geografikunnskapar då han slo fast at karen på første rad hadde flytta til ein endå mindre plass enn Os då han i si tid flytta til Inderøya utanfor Steinkjer.

Frå smalltalk med publikum gjekk han over til å ta for seg lokalmediene, kor både den herverande nettavisa og konkurrenten i papirversjon, Os og Fusaposten, fekk gjennomgå.

- Eg liker alltid å sjå på nettutgåvene av lokalavisene, men her har nok redaktøren meint at nettet det har han ikkje tru på, analyserte Nilsi etter å ha besøkt Os og Fusaposten si nettside.

Heller ikkje vi i Midtsiden fekk vera i fred. Korleis vi av og til kombinerer fleire saker i politirapportane blei harselert med då Nils fann denne saka frå førre veke.

Det same var fusingar og ein OL-kvalifisert Erik Tysse. Kvifor nokon driv kappgang, og ikkje løper i staden, kunne ikkje Nils forstå.

Sex og samliv

Dei to andre på scenen hadde rett nok ikkje sett seg like mykje inn i dei lokale forholda, men at folka frå Øyane er noko for seg sjølv, det hadde dei fått med seg.

Cecilie Steinmann Neess lèt publikum få innblikk i dei utfordringane ei kortvokst jente på 152 cm har i forhold til å kjærleikslivet og i jakta på ein partner.

Jonna Støme delte sine erfaringar med ex-svigerfaren og korleis møte med familien til den nye dama blei etter at han hadde blitt roasta på TV som ein mann med mange kvinner.

- Eg blei jo omtalt som ein Brun Rudberg, fortalde den farga komikaren med referanse til ein ikkje heilt ukjend songar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.