Næringsliv | 13. juni 2020

Tok på seg risiko i krisetid

Fetrane Døsen satsar på Skeie.

Tok på seg risiko i krisetid
Atle Døsen (t.v.) og Bjørn Egil Døsen let seg ikkje skremma av koronapausen, før 17. mai var dei i gang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. juni 2020 07:55

Skeisbotnen Utbygging AS er i gang med grunnarbeid til seks einebustadar. Når arbeidet er ferdig blir det byggestart på den første einebustaden.

Mengda selte hus: Null.

– Vi planla dette før koronaviruset sette samfunnet på pause. Mens andre heldt seg i ro bestemte vi oss for å ta sjansen. Ei rekkje lokale bedrifter er underleverandørar. Om alle legg seg nedpå så er det fort mange som får for lite å gjera på, seier Bjørn Egil Døsen.

Skeisbotnen Utbygging AS har utbyggingsavtale med grunneigarane Arne Døsen og Sveinung Hjertholm. Selskapet er eigd av to Døsen-selskap, BD Eiendom Holding og Alti Holding.

– Vi har rygg til å bera denne satsinga, seier Bjørn Egil sin fetter, Atle Døsen frå Multi Entreprenør AS.

På ei tomt midt mellom sjøen og barneskulen vil Døsen bygga seks einebustadar. (Ill.: Skeisbotnen Utbygging)
På ei tomt midt mellom sjøen og barneskulen vil Døsen bygga seks einebustadar. (Ill.: Skeisbotnen Utbygging)

Tolmodige huskjøparar

Husa har lagt ute for sal sidan hausten 2019, utan at nokon har signert kontrakt.

– Interessa var bra, men folk seier dei har god tid og vil sjå nærmare på det når vi er i gang, fortel Bjørn Egil.

No svarer han på dette med faktisk å gå i gang.

– Det er lettare for folk å forholda seg til eit eigedomsprosjekt når byggestart er i gang, og dei veit kor tid husa er ferdige. No tar vi grunnarbeidet på alle tomtene, så slepp dei første kjøparane at det er sprengningsarbeid i området etter at dei har flytta inn.

Firmaet tar no både grunnarbeid og bygging av det første huset, uavhengig av kor tid salskontrakt blir signert. (Ill.: Skeisbotnen Utbygging)
Firmaet tar no både grunnarbeid og bygging av det første huset, uavhengig av kor tid salskontrakt blir signert. (Ill.: Skeisbotnen Utbygging)

Med selskapet Bjørn Døsen AS har han gjort tilsvarande på Hovland. Når arbeidet kjem i gang, er det òg lettare for interessentar å fatta ei avgjerd.

– Det mest ideelle er sjølvsagt at fleire kjøper på same tid, så blir òg byggeperioden rask og effektiv, og avslutta kort tid etter at dei første har flytta inn.

Trygg på eige produkt

Planen for den knappe tre mål store tomta er å selja og bygga seks arealeffektive einebustadar. Alle har fire soverom, prisen ligg frå 5 til 6 millionar kroner.

– Vi føler oss trygg på at dette vil gi god respons. Prisen er omtrent som ein gamal einebustad, her får du alt ferdig, til dagens standard, til og med hagane er opparbeidde når vi gir dette frå oss, seier Atle.

– Her ser vi dessutan for oss at det kan gå fort. Det er mange kjøp og sal i området, men få einebustadar og så og seia ingen nye einebustadprosjekt.

Det nye selskapet er eigd av erfarne byggefirma. Dei vil levera husa med ferdig hage og tun. (Ill.: Skeisbotnen Utbygging)
Det nye selskapet er eigd av erfarne byggefirma. Dei vil levera husa med ferdig hage og tun. (Ill.: Skeisbotnen Utbygging)

– Tomta ligg dessutan nær det meste, med barnehage tvers over vegen, barneskule, ungdomsskule og idrettsanlegg rett ovanfor, og kort veg til sjøen, seier Bjørn Egil.

Arbeidet starta rett før 17. mai. Parallelt med prosjektet i Skeisbotnen er den eine fetteren opptatt med bygging av Ostunet nær Os sentrum, mens den andre har prosjekt både i Bergen og på Drange.

– Det var nokre merkelege veker i mars, men elles ser det bra ut framover. Det mest spennande framover no blir vel oljeprisen, seier fetrane Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.