Sport | 02. sep. 2020

Tok Rett Vest og Bergen Fjellmaraton i eitt drag

Brørne Werner hamna i løpsdilemma - enda med 70 km på éin og same dag.

Tok Rett Vest og Bergen Fjellmaraton i eitt drag
Erik Werner løpte i 13 timar og 55 minutt under Styrkeprøven Rett Vest og Bergen Fjellmaraton. Foto: Jan-Tore Gjervik.
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 02. sep. 2020 13:15

Erik Werner frå Os og Opptur Motbakkeklubb og broren Jan Wilhelm Werner frå Bergen deltok laurdag i både Styrkeprøven Rett Vest og Bergen Fjellmaraton. I eitt samanhengande løp.

Styrkeprøven Rett Vest er kring 50 km lang med ei samla stigning på 3.000 høgdemeter. Bergen Fjellmaraton er over 20 km lang og har ei stigning på til saman 800 høgdemeter.

– Dette er jo to kjekke løp som plar bli arrangert med to månadar mellomrom, men som i år vart arrangert same dag. «Kva gjer vi no», tenkte eg, som attpåtil er litt som Ole Brumm i hovudet.

– Vi deltok difor på begge løpa, seier ein lattermild Erik Werner.

Erik skildrar opplevinga som «litt blanda drops».

– Vel, eg gjekk jo på ein smell. Eg synst det var veldig kjekt dei første seks timane, så byrja eg å kjempa mot ein del krampar som varte i heile to timar. Då var det å få i seg mat og drikke og ta steg for steg. Men eg kom meg i mål, sjølv om det tok 13 timar og 55 minutt, humrar Erik.

Jan Wilhelm Werner (tv) og Erik Werner (th) i godt driv. Foto: StyrkeprøvenRettVest.
Jan Wilhelm Werner (tv) og Erik Werner (th) i godt driv. Foto: StyrkeprøvenRettVest.

Skifta startnummer midt i løpet

Dei to brødrene løyste logistikken på meisterleg vis.

– Då vi hadde gjort unna fem av dei åtte fjella i Styrkeprøven Rett Vest, og kom ned frå Ulriken, skifta vi startnummeret med nummeret frå Bergen Fjellmaraton, løpte gjennom starten og opp igjen på Ulriken og over Vidda.

– Då vi etterkvart kom oss i mål på Skansemyren, så var det å skifta tilbake til startnummeret frå Styrkeprøven Rett Vest og fullføra dei resterande tre fjelltoppane, fortel Erik.

Og resultata?

Jan Wilhelm Werner kom på 170. plass (12.52,36) og Erik på 179. plass (13.55,06) av dei 180 som fullførte. Rett Vest hadde 194 påmeldte til saman i herre- og dameklassen.

Tidene er inkludert ein «svipp» innom fjellmaraton, ein srafferunde som kosta begge brørne over 3,5 timar og ein viss dose med krefter.

I Bergen Fjellmaraton, som vi hadde eigen omtale av på laurdag, kom brørne på 422. (Jan Wilhelm) og 429. plass (Erik) av 433 deltakarar med tidene 3.32,01 og 3.45,11.

Vinnararane av årets Rett Vest var Lorentz Linde (Varegg) med tida 5.20,24 og Sara Rebekka Færø (Varegg) med tida 6.03,16.

Raskaste frå Opptur Motbakkeklubb var Stein Kjetil Hefte, som kom på 27. plass i herreklassen med tida 07.19,08

Andre frå Opptur Motbakkeklubb:
71. Steinar Størkson 8.32,54
83. Trond-Ove Wiik 8.55,19
179. Erik Werner 13.55,06 (inkludert Bergen Fjellmaraton)

I resultatlistene på eqtiming.com finn du kanskje fleire frå Os?

Frå tobakk til langturar

Erik har ikkje alltid vore ei løpsmaskin.

– Eg er heldig som er i god form, og kan gjennomføra slike flotte turar. Det har ikkje alltid vore slik, heilt fram til 2014 var det mykje kaffe og røyk til frukost. Men så vart eg ein del av Opptur-gjengen på Os, dei var tålmodige med meg, og klubben har eit fantastisk miljø. Det er takka vera dei at eg klarar å løpa så mykje som eg gjer no, påpeikar Erik.

Som i tillegg sparar mykje pengar.

– Eg har ikkje tid til å røyka lenger, så eg sparer jo ein god del pengar på det. Det er mykje billigere å løpa på fjellet enn å røyka.

Neste tur

Erik Werner, som ikkje klarar å slutta å løpa, ser fram til nye turar i tida som kjem.

– No er det ein maraton i oktober, noko som heiter Maraton-karusellen. I tillegg er det Bergen Ultra i løpet av desember, så eg har nok å glede meg til, avsluttar Erik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.