Planen var at alle førskulebarna i Eventus Borgafjell barnehage skulle på ein felles tredagarstur til Gulen denne våren.
I år vart det eit alternativt opplegg grunna koronapandemien.
– Vi lagde eit opplegg som kunne gjennomførast på éin dag. Ungane fekk ein komprimert, men spanande og minnerik førskuletur til Hardanger, fortel styrar i Eventus Bogafjell barnehage, Anette Stene.
![Ein spent gjeng som er klar for Hardanger-tur. (Foto: Eventus)](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fcdn.sanity.io%2Fimages%2Fahcmq7tx%2Fproduction%2F4b9de5c4446a8495a597e00f4da2b29300d19274-1140x761.jpg%3Frect%3D0%2C39%2C1140%2C684%26w%3D752%26h%3D451%26q%3D100%26dpr%3D2&w=3840&q=75)
Torsdag morgon var det mange spente førskulebarn som kom inn porten i barnehagen, klare for førskuletur til Hardanger.
– Alle fann sin plass i minibussen og vinka til foreldra. Sjølv om vi ikkje skulle overnatta, blei det ein dag utanom det vanlege.
Traktor og fossefall
På vegen var det god stemning i minibussen.
– Første stoppet tok vi ved Steinsdalsfossen. Vi gjekk i samla tropp opp til fossen, for vi hadde høyrd at vi kunne gå «under» fossen. Å sjå ein regnboge i fossen og å kjenna på dropane som spruta mot oss, var spennande for store og små.
Etter at fossen var ferdig utforska gjekk turen vidare for å kjøpa dagens første is.
Turen gjekk vidare til eit tun i Tørrvikbygd.
– På neste stopp kunne vi testa slengdisse, hoppe på trampolina og leika i hagen. Og det var sjølvsagt ekstra stor stas å få sitja på med traktoren!
![Traktorkøyring er alltid ein vinnar. (Foto: Eventus)](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fcdn.sanity.io%2Fimages%2Fahcmq7tx%2Fproduction%2F9c89b35c70a5cd4bb2b67d802430a4898ea2122f-1140x761.jpg%3Frect%3D0%2C39%2C1140%2C684%26w%3D752%26h%3D451%26q%3D100%26dpr%3D2&w=3840&q=75)
– Ved sjøen padla vi kano, køyrde båt, testa zipline, bada og fiska. Vi fann krabbar, fine skjell og steiner i fjæra som vi samla på stranda. Etter nokre fine timar ved sjøen, var det klart for middag, og på menyen stod det grillmat.
![Krabbefangst kan vera både gøy og litt skremmande. (Foto: Eventus)](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fcdn.sanity.io%2Fimages%2Fahcmq7tx%2Fproduction%2Fa6ab314cd369d6284fd56f691b90ab9785df7ab3-1140x760.jpg%3Frect%3D0%2C38%2C1140%2C684%26w%3D752%26h%3D451%26q%3D100%26dpr%3D2&w=3840&q=75)
Skattejakt og kino
Då alle var ferdige med å eta, gjekk det rykte om at ein sjørøvar hadde vore på besøk og gøymd ei stor, ekte skattekiste i skogen.
– Vi måtte følgja spor for å finne skatten. Det var hengd opp tau som leietrådar. Ungane var ivrige.
– Då vi fann skatten opna vi lokket varsamt. Kista var fylt med snop!
Etter skattejakta vart det kino, og då filmen var det tid for å byrja på heimreisa, der spente foreldre venta.
– Vi er glade for at vi klarte å gjennomføra tur etter den våren vi har hatt, og for at vi fekk ein så kjekk dag saman med ungane som snart skal vidare til ulike skular, seier Anette Stene.
![På skattejakt i Hardanger. (Foto: Eventus)](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fcdn.sanity.io%2Fimages%2Fahcmq7tx%2Fproduction%2F5ef4df19bfbeaee14d44817cdc7dda2bebb7f85e-1140x761.jpg%3Frect%3D0%2C39%2C1140%2C684%26w%3D752%26h%3D451%26q%3D100%26dpr%3D2&w=3840&q=75)