Lenea Hjelle Fløysand skåra to på rad og snudde kampen. Dette frisparket gjekk over både mur og keeper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tok sin tiande siger i ny divisjon

To perler av Lenea Hjelle Fløysand sikra tre poeng. Eit skår i gleda blei at motstandar-keeper Amalie L. Bøyum måtte av banen på båre.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os/Nore Neset, som rykte opp til 3. divisjon i fjor, starta årets sesong med uavgjort og tre sigrar på rad. Seinare har resultata variert, men i går klatra dei frå 6. til 5. plass (av 12 lag) med nok ein siger.

Krabbetor ligg på botnen av tabellen, men er eit lag Os/Nore Neset har slite med før. Borte i vår blei det ein knipen 2-3-siger, i går gjekk Os i føringa, men hamna under.

– Eg er nøgd med starten på første omgang, men så såg det ut som om gjestane hadde mest lyst til å vinna kampen, seier trenar Stian Kvåle.

– Andre omgang tar vi heldigvis over, skaper mykje og vinn fortent.

Os/Nore Neset - Krabbetor 4-2 (1-1)
Målskårarar, Os: Vilde Drange Veglo, Lenea Hjelle Fløysand 2 og Elin Nilsen Østnes. 
Tropp og kampfakta på fotball.no

Veglo sendte heimelaget i føringa, men Krabbetor utlikna på eit langskot før pause. Gjestane starta andre omgang bra, og tok leiinga på nok eit langskot, i fin boge over keeper, tidleg i omgangen.

Men også Os/Nore Neset har gode skyttarar.

Lenea Hjelle Fløysand, som blei kåra til finalens beste spelar då ho med Nore Neset/Os J17 i september vann finalen i Adidas Cup, utlikna på frispark utanfor 16-meteren og gav heimelaget i leiinga igjen på eit godt skot frå skrå vinkel. Også dette over keeper og oppunder tverrliggar.

Heimelaget auka presset. Os sin toppskårar, Vy Ngyuen (10 mål til no), sette ballen i mål, men skåringa blei annulert grunna offside. Den raske spissen ser ut til å ha finta ut linjedommar, ifølgje bildene våre ser avgjerda ut til å vera feil.

Men Elin Nilsen Østnes fekk forsøk frå omtrent same vinkel, og var ikkje offside. Dermed var Os/Nore Neset oppe i 4-2.

Krabbetor-keeper frå Os skadd i samanstøyt

I mål for Krabbetor, som speler heimekampane sine i Laksevåg, sto Amalie Lindborg Bøyum frå Os. Amalie er både tidlegare Os-spelar, keeper-trenar for Nore/Neset Os J17 og trenar for Nore Neset/Os J15. Men ho kjempa hardt «mot sine eigne» i kamp for Krabbetor.

Ein duell med Vy blei eit hardt samanstøyt, og Amalie blei liggande på bakken, tydelegvis med store smerter. Ho blei tatt av banen på båre og frakta til Haukeland for sjekk.

– Ut frå bilda ser det ut som om eg har ribbeinsbrot, seier Amalie til Midtsiden.

To kampar igjen

Os/Nore Neset speler sesongens to siste kampar mot Solid/Trott (11. plass) borte og Sotra (2. plass) heime.

Dei ligg no på 5. plass med 34 poeng, seks poeng bak Fyllingsdalen 2, to poeng framfor Åsane 2.

Terminliste og tabell

Sjuarlaget, som vann avdelinga si som nystarta i fjor, slo Fana 10-5 i førre kamp, men har berre tatt 9 poeng på 11 kampar til no i år.

Dei ligg på 5. plass av 7 lag når éin kamp står igjen.

Fleire saker