Skøyter | 11. des. 2023

Tok sin tredje 5. plass

Sverre går stødig oppunder pallen i verdscupen.

Tok sin tredje 5. plass
Sverre Lunde Pede4rsen, her då han tok VM-gull på 5000 meter i Inzell i 2019. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 11. des. 2023 09:47

I helga gjekk Sverre Lunde Pedersen og resten av det norske skøytelandslaget fjerde av seks verdscupløp.

Verdscup nummer 4 gjekk av stabelen i den polske byen Tomaszów Mazowiecki.

Sverre gjekk lagtempo laurdag og 5000 meter søndag.

2 av 2 medaljar i lagtempo

I lagtempo gjekk Lunde Pedersen saman med Kongshaug og Engebråten.

Der blei det 3. plass på Norge.

USA vann framfor Italia, mens Nederland, Kina og Japan tok 4. til 6. plass.

Dermed er to av to moglege medaljar i boks på lagtempo, 1. plass og banerekord i Japan, og no ein 3. plass.

Gjekk inn til 5. plass i siste par

På 5000 meter blei det 5. plass med tida 6:27.20.

Patrick Roest, Hallgeir Engebråten tok 2. plass og Davide Ghiotto kom på 3. plass.

Sverre gjekk i siste par mot Ted-Jan Bloemen. Dei to landa på 5. og 4. plass, mens Bart Swings landa på plassen bak Sverre.

Sigurd Henriksen og Kristian Gamme Ulekleiv kom på 11. og 13. plass.

Peder Kongshaug vann 1500-meteren,og tok med det sin første individuelle verdscupsiger.

3 av 3 på 5000 meter

Sverre sin 5. plass i går var hans tredje av tre moglege.

I verdscupopninga i Japan gjekk han på 6:19.42, i Kina helga etter kom han i mål på 6.18,58.

I Polen i helga gjekk det ikkje like fort.

Patrick Roest, som vann i Kina på tida 6.10,99, sikra 1. plassen i Polen med 6:18.01. Hallgeir Engebråten på 2. plass si tid var 6:23.84, Sverre gjekk i mål på 6:27.20.

I Stavanger førre helg var det ikkje 5000, men 10.000 meter på programmet. Lunde Pedersen deltok og fullførte, sjølv om han hadde vore sjuk (korona) tidlegare i veka.

Han gjekk 8 rundar under 32 sekund, men hamna over 34 sekund på dei siste seks (av 25) rundane.

Davide Ghiotto vann med tida 13:02.71, Sverre kom på 11. plass med tida 13:42.59.

EM før avreise til Nord-Amerika

Neste stemne no er EM i Heerenveen den første helga i januar.

I slutten av januar og starten på februar går dei to siste verdscupane, den første i Salt Lake City (USA), den andre i Quebec (Canada).

Så er det VM enkeltdistansar, framleis på canadisk jord, i midten av februar og VM allround i Inzell i starten på mars.

Meisterskap: EM i Heerenveen 5. til 7. januar, VM enkeltdistansar i Calgary 15. - 18. februar og VM allround og sprint i Inzell 7. til 10. mars.

Verdscupkalenderen:
10. - 12. november: Obihiro, Japan
17. - 19. november: Beijing, Kina
1. - 3. desember: Stavanger
8. - 10. desember: Tomaszów Mazowiecki, Polen
26. - 28. januar: Salt Lake City, USA
2. - 4. februar: Quebec, Canada

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.