Tok solide krafttak mot kreft

Innsamlingsaksjonen er på søndag, i dag hadde Os Gymnas kickoff med handbakklubben som gjestar.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. mars 2017 14:17

Bildeserie:

Russepresidentane ved Os vgs og Os Gymnas, Henrik Vågen og Anders Skaar. (Foto: KVB)
Før handbak blei det gjeve praktisk informasjon. (Foto: KVB)
Delar av årets russekull ved Os Gymnas. (Foto: KVB)
Fiona, Enya og Guro har ansvar for aksjonen. (Foto: KVB)
Russepresidentane ved Os vgs og Os Gymnas, Henrik Vågen og Anders Skaar. (Foto: KVB)
Før handbak blei det gjeve praktisk informasjon. (Foto: KVB)
1 av 4
Før handbak blei det gjeve praktisk informasjon. (Foto: KVB)
Delar av årets russekull ved Os Gymnas. (Foto: KVB)
Fiona, Enya og Guro har ansvar for aksjonen. (Foto: KVB)
Russepresidentane ved Os vgs og Os Gymnas, Henrik Vågen og Anders Skaar. (Foto: KVB)

– I år vil fleire enn 32.500 personar i Noreg få ein kreftdiagnose. No tar vi eit krafttak for desse! Pengane frå årets aksjon vil gå til dei som lever med uhelbredeleg kreft, skrif Kreftforeningen på si side om Krafttak mot kreft.

Russen ved Os Gymnas og Os vgs samla inn rekordmange 130.000 kroner i 2016. Søndag er det igjen tid for den årlege aksjonen, og årets russekull ved Os Gymnas er ekstra klare for å setja ny rekord.

– Vi ville ha ein god start og inviterte Os Handbakklubb med på kickoff i kantina. Det kan kanskje vera med på å gje aksjonen meir merksemd, seier Enya Johnsen.

Enya er saman med Fiona Harild Marron og Guro Drange Veglo del av russestyret og ansvarleg for aksjonen. Etter informasjonsmøte med alle elevane var det ut til kakesal og keipetak i kantina.

Rektor og redaktør måtte i elden

Os Håndbakklubb stilte med toppa lag, 24 gongar (!) noregsmeister Frode Veim Haugland og tidlegare junior-verdsmeister Andrea Drange.

Rektor Trond Eikeland og super-keeper Kay Milan Goitowsky var dei einaste som var mann nok til å risikera å tapa for ei kvinne.

– Eg sa til Thomas Halhjem at no var det handbak i kantina. Eg har aldri sett han springa så fort før, spøkte rektor om sin eigen spreke gymlærar.

Etter at Eikeland hadde tatt ein brytekamp med Andrea utfordra han underteikna til ein kamp mot Frode, mens rektor sjølv skulle filma. Dessverre klarte rektor berre filma 3 x 2 sekund av den «svært spennande» brytekampen mellom redaktøren og noregsmeisteren.

– Det er kjekt å vera ute blant ungdomen, seier Frode, som i slutten av mars skal i WAL-kvalifiersing i England.

Går han vidare blir det Las Vegas i juni. I april ventar NM i Oslo. Både Frode og Andrea var flinke til å dela ut tips, så kanskje Osrussen kan hevda seg i handbak på fest utover våren.

Søndag ettermiddag - med eigen Vipps-konto

Russen ved Os Gymnas og Os vgs har begge hatt informasjonsmøter med sitt kull. Utover veka skal dei fordela elevane utover flest mogleg nabolag.

– Vi skal gå på ettermiddag, frå klokka 16 til 18. Om bedrifter vil sponsa aksjonen, kan dei senda meg ein epost, seier russepresident Anders Skaar.

– Vi har òg eigen Vipps, skyt Guro Veglo inn, og gir oss nummeret 451022.

Rektor Trond Eikeland er svært nøgd med haldningane til russen.

– Russetida er ikkje berre fest og støy. Dei siste åra har vi hatt eksemplarisk åtferd blant russen, i tillegg viser dei eit enormt engasjement rundt kreft-aksjonen, seier Eikeland nøgd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.