Sport | 24. okt. 2012

Tok tittelen tilbake

Oldboys-laget til Os tapte KM-finalen i fjor, for første gong på mange år. I kveld blei tittelen tatt tilbake i ein sesong der veteranane har skåra 121 mål på 16 kampar (!).

Tok tittelen tilbake
Jørn Vegard Berge, her i heimekampen mot Bjarg, skåra fire mål i kveldens avgjerande serieavslutning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. okt. 2012 22:35

– No er tittelen tilbake der den høyrer heime, på Kuventræ, seier keeper Vidar Hjelle.

– Vi har vore kretssmeistrar kvart år sidan Tommy Hjelle gjekk med bleier og synes eitt år var lenge nok å låna tittelen vekk, legg han til.

Kveldens serieavslutning gjekk mot nettopp mot tittelforsvarar Bjarg, som Os tapte ein jamn finale for i fjor. I år var det éi avdeling og derfor avgjerande å vinna serien.

Heimekampen mot Bjarg enda 6-5 til Os, kveldens bortekamp enda med betre målforskjell.

Bjarg - Os 1-5 (1-2)
Målskårarar, Os: Jørn Vegard Berge 4 og Robert Bjørnevik

– Jørn Vegard skåra dei fire første måla, Robert sette siste spiker i kista. Bjarg utlikna til 1-1, men fann ikkje ut av spelestilen vår og måtte sjå at tittelen kom heim igjen.

– No ser vi fram til feiring og Smalahove Cup på Voss neste helg, seier kretsmeister-keeperen.

Desse spelte kveldens kamp: Vidar Hjelle, Jan Frode Skeie, Arve Solskjær, Tommy Hjelle, Frode Steffensen, Frode Øye, Stig Morten Bruarøy, Tore Engevik, Robert Bjørnevik, Eivind Carlsen og Jørn Vegard Berge.

Os har 1 uavgjort (2-2 mot Bergen Nord) og siger i resten av dei 16 kampane i årets serie. Målforskjell er 121-38 og største siger er 18-0 over Loddefjord.

SJÅ TABELL
(Manglar i skrivande stund fleire resultat i kampar Os har vunne 8-2, 3-0, 10-2 og i dag, 5-1)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.