Tok «uhøgtidelege» medaljar i AdO
Då AdO Arena i helga markerte eittårsdagen sin var det to osingar som både lagde show og tok medaljar i eit ope nordisk stemne i dødsing.

I helga var svømmeanlegget Alexander Dale Oen Arena eitt år, og dagleg leiar Håkon A. E. Johansen frå Os hadde sambygdingar med seg på markeringa.
– Vi var ein gjeng som stilte opp for å ha eit show i dødsing. Sidan det var ein danske der så kalte vi det like gjerne nordisk meisterskap, seier Arne Veim Haugland.
Arne, som fekk sølv i VM i dødsing i august, fekk delt 3. plass. Osingen Andreas Olsen fekk delt 1. plass med dansken.
Osingar på pallen og i juryen
– Det var 12 deltakarar, 7 av oss som stupte frå 10 meter, dei andre frå 7- og 5-meteren.
– Andreas var knallgod! skryter Arne, nøgd med at begge frå «Bjørnafjorden Dødsing» hamna på pallen.
To av dei tre i juryen var òg frå Os, AdO-sjefen og handbaklegenda Arne Thuen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.