Kultur | 07. okt. 2019

Tok utfordringa på strak fot

Gjekk vidare i Norske Talenter - no ventar semifinale og direktesendt TV på Jonatan Brekke.

Tok utfordringa på strak fot
Jonatan Brekke og kompisen Marius Digranes er vidare til semifinalane i Norske Talenter. Her frå sendinga på fredag. (Foto: TV2.no) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 07. okt. 2019 08:21

Etter den innleiande runden fekk trikse-kompisane Jonatan Brekke og Marius Digranes gode tilbakemeldingar, men dommarane hadde òg ei utfordring; få triksinga endå meir synkronisert, så blir det heilt perfekt.

Før fredagens program kunne Jonatan fortelja at dei hadde sete saman eit heilt nytt trikse-program, og dei hadde som mål å imponera dommare yttarlegare.

Meir synkronisert enn nokon gong

Dommarane fekk det dei ba om i fredagens sending.

Gjestedommar Morten Hegseth let seg imponera stort av ball-kunstane til Jonatan og Marius, og gutane fekk både klemmar og eit tappert forsøk på triksing frå Hegseth.

Både Hegseth og dommar-kollega Mona Berntsen la lite skjul på at dei hadde Jonatan og Marius som sine favorittar.

Her kan du sjå innslaget frå fredag. (TV2.no)

Direktesendt TV

Jonatan og Marius er no altså vidare til semifinalane i Norske Talenter.

No ventar direktesendt TV frå H3 Arena på Fornebu i november.

– Semifinalane byrjar 1. november, men vi skal ikkje i elden før 15. november, fortel Jonatan.

Jonatan seier at han framleis ikkje kjenner på nervøsiten, men han gler seg stort over å ha triksa seg til semifinale-plass i det populære TV-programmet.

– Det hadde vore kjekt med mange osingar i salen, billettsalet har allereie starta, seier den sindige ball-kunstnaren frå Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.