Sport | 21. juli 2019

Tok velfortent poeng mot serieleiarane

Os styrte over 60 minutt av dagens heimekamp mot Djerv 1919.

Tok velfortent poeng mot serieleiarane
Torgeir Lunde dribla seg fri på Os sin høgre kant, og burde nok ha avslutta sjølv i 60. minutt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 21. juli 2019 20:43

Bildeserie:

Godt skot av Mikkelsen i 18. minutt. (Foto: KVB)
Godt skot av Mikkelsen i 18. minutt. (Foto: KVB)
Skeie er tilbake i storform . (Foto: KVB)
Skeie er tilbake i storform . (Foto: KVB)
Havsgård med godt skot i 39. minutt. (Foto: KVB)
Havsgård med godt skot i 39. minutt. (Foto: KVB)
Djerv lykkast med meir i slutten av kampen, men Mo, Skeie og Moore rydda unna. (Foto: KVB)
Djerv lykkast med meir i slutten av kampen, men Mo, Skeie og Moore rydda unna. (Foto: KVB)
Moldskred kom heilt til keeper med dette raidet i 79. minutt. (Foto: KVB)
Moldskred kom heilt til keeper med dette raidet i 79. minutt. (Foto: KVB)
1 av 5

Os tok i dag imot Djerv 1919 til første runde etter sommarferien.

Det blei i stor grad ein oppmuntrande kamp for heimepublikummet.

Os tok eitt poeng mot serieleiarane, Djerv 1919 fekk det eine poenget dei trengte for å ta tilbake tabelltoppen etter Vard Haugesund sin siger i går.

Os - Djerv 1919: 0-0

– Eg synest vi gjorde det bra, spesielt i første omgang. Utover i andreomgangen kom kampen meir over i deira spor, med mange dødballar og kriging, men vi klarte oss samla sett godt, synest dagens Os-spelar, Torgeir Lunde.

Hovudtrenar Endre Brenne er einig.

– Djerv 1919 er eit solid lag, og eit vanskeleg lag å spela mot. Det var tydeleg at dei ville satsa på overgangar. Vi klarte ikkje å skapa så mange store sjansar, men eg synest heller ikkje at vi gav vekk for mykje.

Marius Mikkelsen og Anders Havsgård hadde dei beste skota i kampen, begge før pause.

Jamnare etter pause

Rafael Villén skaffa eit frispark frå gunstig posisjon, som Rune Mo skaut langt over mål. Roger Ekeland fekk lite å jobba med i boks, men var nær på både å spela Mats Cato Moldskred gjennom og sjølv å bli spelt gjennom i andre omgang.

Torgeir Lunde var nær på å nå eit innlegg av Mikkelsen, og burde truleg sjølv ha prøvd seg med venstre fot i staden for å legga inn til ingen i 60. minutt.

Elles var det tydeleg at Harry Moore og Vegard Strønen Skeie ikkje berre er tilbake etter ein skadeprega vår, men er i same gode form som i fjorårssesongen.

Frå 70. minutt og ut kampen fekk Os meir press på seg, og gjestane fekk nokre større sjansar.

Os startar hausten med tre tøffe kampar. Den neste går borte mot Vard Haugesund.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.