Sport | 28. jan. 2013

Tok verdas raskaste - på floge!

Sailfish, sitronhai, permit, bonefish og tarpon: Sven-Erik "Svenna" Gabrielsen hadde full klaff i Mexico.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. jan. 2013 07:35

Bildeserie:

Vidar Tøsse har vore på Bahamas, der du treng grønt lys for å fiska.
Vidar Tøsse har vore på Bahamas, der du treng grønt lys for å fiska.
Tøft å vera fiskar: På Cuba har dei ein yacht som base.
Tøft å vera fiskar: På Cuba har dei ein yacht som base.
Sven-Erik blei med til Isla Mujeres utanfor Cancún.
Sven-Erik blei med til Isla Mujeres utanfor Cancún.
– Spot-fiske er utruleg spennande, synes Svenna.
– Spot-fiske er utruleg spennande, synes Svenna.
Pause i skyggen.
Pause i skyggen.
Sven-Erik fekk blant anna ein sitronhai - på floge.
Sven-Erik fekk blant anna ein sitronhai - på floge.
Tore Wiers fekk barracuda.
Tore Wiers fekk barracuda.
Vidar Tøsse med ein perola - tatt ved Cuba.
Vidar Tøsse med ein perola - tatt ved Cuba.
Noko du ikkje vil sjå medan du vadar etter tarpon ...
Noko du ikkje vil sjå medan du vadar etter tarpon ...
Også på land var det spennande artar å sjå.
Også på land var det spennande artar å sjå.
1 av 10
Vidar Tøsse har vore på Bahamas, der du treng grønt lys for å fiska.
Tøft å vera fiskar: På Cuba har dei ein yacht som base.
Sven-Erik blei med til Isla Mujeres utanfor Cancún.
– Spot-fiske er utruleg spennande, synes Svenna.
Pause i skyggen.
Sven-Erik fekk blant anna ein sitronhai - på floge.
Tore Wiers fekk barracuda.
Vidar Tøsse med ein perola - tatt ved Cuba.
Noko du ikkje vil sjå medan du vadar etter tarpon ...
Også på land var det spennande artar å sjå.

Sven-Erik Gabrielsen frå Lysefjorden jobbar som forskar hos Uni Research i Bergen. Når han ikkje forskar på fisk - så tar han seg ein fisketur.

– Eg er veldig glad i sportfiske. Sjølv om det er relatert til jobben min legg eg jobben frå meg når eg fiskar, då er det sport, friluftsliv og rekreasjon, seier Svenna.

Men også når det kjem til hobbyen din kan det vera godt med variasjon.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Eg blei kjent med Vidar Tøsse via ein kollega og bestemte med for å kasta meg med på ein tur til Mexico for å fiska.

– Tøsse er kanskje Noregs einaste fiskeboms, han er heime i Noreg og jobbar, men eg veit at det er berre er for å spara opp pengar til neste tur, ler Gabrielsen.

Cuba, Bahamas og Guatemala

Tøsse ler litt av Gabrielsen si fiskeboms-skildring, men ser ut til å nikka seg einig.

– Det hadde vore nokre utanlandsturar på fiske, men det var til Island, Russland og liknande etter laks. Eg var lei av kulde og ville prøva noko nytt, seier Vidar.

– Den første turen gjekk til Mexico i år 2000 og eg skjønte med éin gong: Det er dette eg skal halda på med!

Seinare har han vore fleire turar i "same terreng", både rundt Cancún i Mexico, utanfor Cuba, Bahamas og Guatemala.

Tøsse er no guide og turformidlar for Mavungana Flyfishing, som blant anna tilbyr safariar og eksotiske jakt- og fisketurar.

– Ein eigen form for fiske

Det er kanskje ikkje vanskeleg å sjå for seg at ein tur til Mexico med kameratar er lett å lika, men også fisket er noko for seg sjølv i farvatnet utanfor den kjente feriedestinasjonen Cancún.

– Éin ting er at det er kejkt å fiska nye artar, eit anna og meir viktig element er at denne type fiske er ein heilt eigen form for sportsfiske.

Frå å stå i vatn, sjø og elv og kasta og kasta - håpa og venta - har Gabrielsen no fått smaken på å spotta fisken, å jakta og å fiska lynrask fisk på grunt vatn.

– Vi står i smale, lange båtar, 16 til 18 fot med rundt 30 til 50 hestekrefter, på grunt vatn og speider etter fisk. To guidar og to fiskarar. Så kjem fisken og - noko som irriterte meg som jobbar med fisk noko grenselaust - det er alltid guiden som spottar fisken først, ler Sven-Erik.

– Som å kroka ein moped

Når du så ser fisken byrjar jakta, å snika seg bort på rett plass og å senda eit godt kast etter fisken.

Alt fisket er med floge!

– Du får så mange gode, spennande minutt før fisken eventuelt bit på, minutt vi med anna fiske bruker på å venta. Det er kjekkare å jakta enn å venta!

Viss og når fisken bit på byrjar ein annan form for spennande aktivitet - å hala opp ein tung og sterk villkatt av ein fisk.

– Nokre av fiskane er rundt 20 kilo, andre kan bli godt over 50 kilo. Men til og med mindre fisk kan føra til ein lang og hard kamp. Når ein bonefish på 3-4 kilo bit på er det som å kroka ein moped! seier Vidar.

– Makrellen her heime er som ein slapp torsk i forhold, skyt Sven-Erik inn.

Super grand slam

I hovudsak er det desse tre artane som er målet med turen; bonefish, permit og tarpon.

• Bonefish (Albula vulpes) kan bli 8,6 kg og 90 cm lang.
• Permit (Trachinotus falcatus) kan bli 36 kg og 122 cm lang.
• Tarpon (Atlantic tarpon) kan bli 127 kilo og 243 cm lang.

– Dei er litt ulike både i form, storleik og fiske, dei tre. Bonefish kjem lynraskt inn og går ekstremt grunt, gjerne til ankeldjupne. Permit er ekstremt sky og blir sett på som den vanskelegaste fisken å få på denne type fiske og tarpon går vi gjerne inn i mangrovene og fiskar etter. Der er det ungfisk, men den er stor den òg, forsikrar Vidar.

Tar du alle dei tre fiskane på same dag så har du tatt ein "grand slam". Tar du ein snook same dag har du utført ein "super grand slam".

– Ein god industri

Tøsse fortel at turistretta sportsfiske, med tilhøyrande catch-and-release, har fått opp både næringsgrunnlaget og fiskebestanden i fleire landsbyar på Mexico sin austkyst.

– Delar av turen vår har vore rundt Isla Mujeres, ei øy som ligg utanfor Cancún. Så går turen 4-5 timar sørover langs fastlandskysten, til ein liten fiskelandsby.

– Sportsfiskarar har blitt ein vinn-vinn-industri for fleire, der fiskarar går i land og gjer butikk av å vera guide og vertsskap i staden for å fiska opp desse artane.

Vidar og Sven-Erik med følgje har overnatta på eit Maya-resort i ein liten fiskelandsby og gruppa har hatt heile anlegget for seg sjølv.

Dei innfødde driv overnattingsstaden, lager mat, kjører båt og finn fisken.

Verdas raskaste

I tillegg til fiske på grunna har Sven-Erik og Vidar vore på jakt etter verdas raskaste fisk.

Sailfish (Istiophoruser målt til 110 km/t (59 knop!) og finnest både i Atlanterhavet og Stllehavet, to ulike, men likevel ganske like artar.

Sailfish, med den karakteristiske store finna, som kan leggast heilt inn og skjulast i kroppen, kan bli 90 kg og over 3 meter lang.

– Når vi fiskar sailfish er vi lengre frå lang og dorgar med agn. Når fisken går mot agnet kastar vi floga frå båten.

– Både det å få kroka den og - ikkje minst - å få det store ville beistet om bord, er veldig krevjande.

I 2011 var Svenna sin første fisketur til Mexico, i 2012 prøvde han seg på sailfish for første gong. Og det blei full klaff!

– Vi skal tilbake i mai og eg gler meg noko heilt vanvittig! seier Gabrielsen.

VIDEO: Her ser du Sven-Erik få sin første sailfish om bord!

Sjå òg, Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.