Sport | 17. aug. 2011

Tok VM-medaljar i Texas

Wado-VM i Dallas: Tonje Skeie Hjelle fekk medalje i kamp og Cato Bruarøy gjorde comeback og vann medalje i kata.

Tok VM-medaljar i Texas
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. aug. 2011 20:57

I helga blei verdsmeisterskapen i wado-karate halden i Texas i USA. Medan nokre av utøvarane frå Os Karateklubb ikkje tok seg råd til å reisa valte Tonje Skeie Hjelle (19) å reisa over Atlanteren for å bryna seg på fleire av dei beste i verda innan stilarten wado.

– Under VM var det også eit viktig møte for hovudtrenarane frå kvar nasjon, så eg tenkte at sidan eg likevel skulle reisa så langt kunne eg like gjerne delta eg òg, seier Cato Bruarøy (40).

Svært jamn semifinale

Tonje, som blei seniorutøvar i fjor, stilte i både kamp og kata (1 og 1 viser mønster av teknikkar og får "stil-karakter"). Cato stilte i masterklassen i kata.

– Tonje, som fekk sølv i EM i Italia i fjor, gjorde det skarpast i kamp. I semifinalen i lettvekt gjekk ho jamt med heimefavoritten, det sto 0-0 etter både full tid og tilleggstid, fortel Bruarøy.

Dermed måtte kampen avgjerast med avstemming dommarane imellom. Tonje fekk hovuddommaren si stemme, men ikkje dei to andre si, så då blei det delt bronse i staden for plass i finalen.

Møtte regjerande meistrar

Også for Cato blei det sterk motstand og jamn kamp om gullet. Han gjekk mot den greske europameisteren frå i fjor, som tok leiinga etter første runde med 0,2 poeng framfor Bruarøy og den regjerande verdsmeisteren på delt andreplass.

I finalerunden hamna Cato på 3. plass.

I tillegg til dei to frå Os var det tre deltakarar frå Nordnes Karateklubb og to frå Mo i Rana. To av dei tre frå Nordnes fekk også medalje, Tonje Nilsen fekk sølv i kata og Sindre haukeland fekk bronse i kamp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.