Kultur | 19. mai 2016

Tokvam og Ose til VIP-teltet

Gutane frå PILS lager vorspiel under Osfest.

Tokvam og Ose til VIP-teltet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. mai 2016 07:02

Bård Ose og Finn Tokvam, blant anna kjent frå suksessen «PILS» på NRK P1, er aktuelle for Osfest 2016.

– Dei to har laga eit skreddarsydd program eksklusivt for Os, fortel Ole Reinert Berg-Olsen i ei pressemelding.

– Det skal bli fullspekka med gode historiar, intervju og aktuell musikk, entusiastisk levert av to karar med umiskjennelige sjarm og stil. Finn og Bård vil òg ha ei og anna overrasking på lur.

Ose og Tokvam er i VIP-teltet frå klokka 15 laurdagen under festivalen (6/8).

Bård Ose (55) er bergensar og musikkentusiast. Han har skrive bøker om både The Beatles, The Rolling Stones og Salhus Vinskvetten, og er kjent for si unike formidlingsevne.

Finn Tokvam (44) er radiolegende, forfatter, populærsanger og medmenneske. Samarbeidet med Bård starta på eit lager i NRK våren 2002, og har sidan då har dei hatt over 540 PILS-sendingar saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.