Kultur | 03. feb. 2020

Tom Petty-trommis speler på ORBO sin siste låt

– Ferrone gir låten eit særpreg, seier Ole Reinert om den amerikanske kameraten sitt bidrag.

Tom Petty-trommis speler på ORBO sin siste låt
ORBO er ute med sin fjerde singel til albumet som kjem til våren. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. feb. 2020 11:11

Musikaren ORBO, Ole Reinert Berg-Olsen, frå Os sleppte fredag singelen «Ride on Baby» saman med Steve Ferrone, kjent frå Tom Petty & The Heartbreakers.

ORBO har lenge vore inspirert av Tom Petty sin musikk, og blei kjent med Steve Ferrone for over ti år sidan.

– Vi har halde kontakten og blitt gode venar, seier Ole Reinert, glad for å ha fått Ferrone med på låten.

ORBO har spelt inn fleire album i USA, og har òg vore høgt oppe på radiolista AMA-chart og fått merksemd av skodespelar Russel Crowe.

Songen er spelt inn i Los Angeles, Oslo og Bergen og blir given ut på Grappa Musikkforlag. Låten er produsert av Bjarne Stensli og Ole Reinert Berg-Olsen.

– Det har vore heilt fantastisk å jobba med Ferrone, og eg meiner han gir låten ein heilt eigen «feel» som gjer den til ein perfekt roadtrip-låt, seier Berg-Olsen.

Til Bergens Tidende seier Ferrone at han liker musikken til ORBO, og har sans for både låtane han skriv og det hardtarbeidande bandet hans.

«Ride on Baby» er fjerde singel ut frå det komande albumet «Smoke & Mirrors», ORBO sitt niande album kjem til våren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.