Tommy kom til Os for å takka
Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i Brasil.
Tommy Nilsen var Lyn sin mestskårande spelar på 90-talet, og toppskårar så seint som i 1998, 1999 og 2001. Dei to neste sesongane blei øydelagt av skade, så la han opp.
Tre år seinare, i 2006, starta han fotballakademiet Karanba i Rio de Janeiro. Med fotball og ein liten porsjon disiplin fekk ungar og ungdom frå favelaen meir meiningsfylte liv. Karanba har dessutan stilt med lag på blant anna Norway Cup og Dana Cup.
YouTube/TV2: Sjå Åge Hareide besøka Karanba i 2008, sjå Tommy på «God Morgen Norge» i 2011 og sjå teaser til dokumentar om Karanba i 2012.
Tommy brukte i starten 15.000 kroner frå eiga lomme til å finansiera prosjektet. Så auka omfanget frå 70 til fleire hundre ungar, og Karanba-prosjektet blei avhengig av støtte utanfrå.
– Lenge sidan vi har fått nytt utstyr
Søndag hadde Os Fotball «Supersøndag», ein gratis fotballdag for alle unge spelarar i bygda. Denne gong saman med Jadakameratene, initiativtakar til den svært vellykka innsamlingsaksjonen som har gått i Os, og smitta til Bergen, dei siste vekene.
I pausen fekk spelarane møta Tommy, som kom for å takka klubbane og spelarane personleg.
– Det har vore ein utfordrande periode for Karanba, og det er lenge sidan vi har hatt sjanse til å kjøpa utstyr, sa ein takksam Tommy, svært glad for alt det nye utstyret.
For to veker sidan var det allereie kome inn 300 par fotballsko til aksjonen, som også i helga hausta gåver og lite brukt utstyr frå enkeltpersonar og klubbar i Os og Bergen.