Sport | 16. aug. 2015

Topp 10 i Axtri

Fleire osingar gjennomførte i helga Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon. Beste frå Os, Sigurd K. Beldo (40), kom på 6. plass av 208 deltakarar.

Topp 10 i Axtri
Sigurd Klemetsen Beldo med den svarte skjorta frå årets Axtri. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. aug. 2015 20:07

208 menn og 27 kvinner stilte til start i årets Axtri. 203 menn og 22 kvinner fullførte det harde triatlonet, som tilsvarar ein halv ironman-distanse.

Trude Wermskog Stormo frå Team Oslo Sportslager vann kvinneklassen på tida 07:46:57, Marius Elvedal frå IK Hero vann herreklassen på 06:26:24.

Fleire av deltakarane er frå Os - to av dei tre som gjorde det best er brørne Sigurd Klemetsen Beldo og Gunnar Bøthun.

Sigurd kom på ein imponerande 6. plass (2. plass i klassen menn 40-49 år) på tida 6:43:22. Dette var berre tre minutt bak 3. plassen og godt nok til svart skjorte.

Gunnar, som for to veker sidan kom på 26. plass i Norseman, kom på 17. plass på tida 7:11:36.

– Vi er vanlegvis ganske jamne. Om Gunnar hadde matcha meg berre to veker etter Norseman så hadde eg ikkje vore nøgd. Axtri er hardt, men du er mennske etterpå. Norseman er ekstremt, mange er ikkje i stand til å stilla i konkurransar på fleire veker etter noko slikt, seier Sigurd, som sjølv kom på 14. plass i Norseman i fjor.

Nest beste osing var Andreas Bjørnen.

Han kom på 9. plass (4. plass i klassen 20-29 år) ) med tida 6:56:12.

Med syklar fastlåst på taket

– Eg venta ikkje så bra resultat, det har ikkje blitt fullt så mykje trening som tidlegare år. Men vi har hytte ein time frå Aurland, så eg har fått sjekka ut terrenget ein del og kjente sykkeldistansen godt på førehand, seier Sigurd.

– I tillegg passar distansen meg godt. Det må anten vera langt eller bratt for at eg skal ha noko å koma med, seier Sigurd, som blant anna har gjort det bra i Vasaloppet og i 70 mil lange Offroad Finnmark.

Alt gjekk som planlagt under løpet. Men før det starta fekk brørne litt trøbbel.

– Det er ganske mykje som skal tenkast på i eit triatlon, at du hugsar svømmebriller, at du får med deg startnummer når du skal skifta frå svømming til sykkel og at du tar av deg hjelmen før du byrjar å springa. Gunnar er best på dette, men han hadde gløymt nøklane til takgrinda, så rett før start sto vi der med tre fastlåste syklar på taket.

Nokre andre deltakarar på parkeringsplassen hadde tydelegvis vore med på noko liknande før, og kunne hjelpa med tips til korleis låsen kunne dirkast opp.

–Det ordna seg heldigvis. I tillegg fekk vi ny lærdom med på kjøpet, vi er no kvalifiserte sykkeltjuvar, seier Sigurd og ler.

Fleire osingar på resultatlista

Blant deltakarane var det fleire frå Os som fullførte.

• Samund Nordang frå CK Henie kom på 45. plass (19. plass i klassen 30 til 39 år). Han kom i mål på 7:48:15.

• Tor-Inge Myklebust Lie kom på 67. plass (28. plass i klassen 30 til 39 år) med tida 8:12:28.

• Blant dei 203 som fullførte var også osingen Eivind Hodneland, som med 8:51:41 kom på 112. plass (31. plass i klassen 40 til 49 år).

• På 120. plass (34. plass i klasse 40 til 49 år) finn vi Sigurd og Gunnar sin svoger, Tore Engesæter, som nådde målet sitt og fullførte på under 9 timar, nemleg på 8:58:15.

Sjå komplett resultatliste (ekstern lenkje).

Søndag 6. september er det tid for årets Os Triathlon.

Les òg: – Debuten gav meirsmak

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.