Næringsliv | 03. des. 2014

Topp 100 - dette er dei største selskapa i Os

Den lokale møbelkjempen Bohus omsette for 270 millionar. Her er dei 100 største bedriftene i Os i 2013.

Topp 100 - dette er dei største selskapa i Os
Einar «Boys» Engelsen eig Bohus saman med senior og tre søstre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. des. 2014 21:04

Med 270 millionar kroner i møbel- og interiøromsetnad og 20.000 kvadratmeter bygningsmasse er familien Engelsen sine Bohus-firma blant dei største selskapa i Os.

Topp 100 - sjå lista nedst i artikkelen.

Mens to Bøe-selskap tronar på topp kjem Møbelsenteret på Nordås Eiendom AS og Bohus Nordås AS hakk i hæl på lista over dei med høgast driftsinntekter i 2013. Selskapa er også på 13. og 14. plass i vekst med ei auke på rundt 10 millionar i omsetnad frå 2012.

– Møbelbransjen er tøff, det er nok ei overetablering i bergensområdet. Men vi har tatt marknadsdelar frå andre og har hatt ei fin utvikling, seier administrerande direktør Einar «Boysen» Engelsen.

– Nordmenn er opptatt av å ha det fint heime og mange er framleis kvalitetsbevisste. Fleire av dei nye kolleksjonane våre, ikkje minst den nye signaturserien av interiørdesigner Halvor Bakke, har slått veldig bra an.

Frå møbelrestaurering til fem butikkar

Mykje har skjedd sidan senior, Einar Elisæus Engelsen, byrja for seg sjølv med restaurering av møblar på Stend i 1948, til «Boysen» og søstrene Elin, Wenche og Ingrid sine varehus i Os, på Nordås, i Drotningsvik, Åsane og på Stord. Søskenflokken eig kvar sin like store del av selskapa, der driftsselskapet har til saman 122 tilsette.

– I Os har vi hatt fire lokaliseringer, frå Bjørnegården i 1977 til Landboden og Bahusfabrikken (Os Næringspark) før vi flytta her til Industrivegen og Kolskogen tidleg på 90-talet.
Einar senior, som snart fyller 94 år, bur på Lurane, men blir henta kvar morgon for å reisa på jobb på den første butikken han starta, Bohus Nordås.

– Han er litt skral i beina, men har hovudet med seg og har i grunnen aldri pensjonert seg. Han jobbar nokre timar på formiddagen og ringer kvar kveld klokka 21 for å få lest opp dagens omsetnad.

Den viktige basen i Os

Eigedomsselskapet eig alle lokala, bortsett frå det dei leiger til varehuset i Åsane. Dei eig også lageret i Os som forsyner alle butikkar og kundar med varer.

– Vi har hovudfokus på stove, spisestove og soverom. Det er volumkrevjande varer og logistikk er ei veldig viktig brikke. Det går dagleg 300-400 kubikk gjennom lageret vårt. At vi i tillegg har full kontroll på transporten sjølv trur eg også er ein fordel, ikkje minst for kundane.

«Boysen» er fødd og oppvaksen i Lysefjorden, der han framleis bur.

– Det er heilt naturleg for oss å ha base her. At kundane i Os er ekstra hyggelege er ein bonus, seier Einar G. Engelsen.

Bohus Os har 9 tilsette (6,5 årsverk), lageret har 14, transport 10 og administrasjonen 7 (6 årsverk).

Desse bedriftene i Os hadde høgast omsetnad i 2013. (Tal i 1000 kroner)

Pos. Navn Driftsinntekter 1 AS Bøe & Lepsøy 276224 2 Tyrlanna AS 276224 3 Møbelsenteret på Nordås Eiendom AS 229439 4 Bohus Nordås AS 229138 5 Lyssand Treindustri A/S 196013 6 Dwc AS 120149 7 Solstrand Hotel & Bad AS 108676 8 Sh Holding AS 108676 9 Helldal AS 101343 10 Dahlsvegen Holding AS 99431 11 Moly AS 95942 12 Arka AS 94044 13 Alutec AS 91212 14 Inka AS 88409 15 Askeladden Boats AS 86195 16 Hope Handel AS 84554 17 Norwegian Deck Machinery AS 73377 18 Trond Hope AS 70829 19 Fløysand Tak AS 69495 20 Lyssand Blomstersalg AS 63008 21 Os Byggsenter AS 61298 22 Vitaltour AS 60355 23 Gc Rieber Compact AS 56401 24 Westcliff AS 52468 25 Os Servicesenter AS 49003 26 Betonggulv AS 48760 27 Bøe & Lepsøy Utbygging AS 46439 28 Hargun Havfiske AS 45960 29 Brødr Borgen Ferdigbetong AS 44634 30 Norden Maritime AS 43547 31 Abo Plan & Arkitektur AS 43102 32 Byggmester Kjell Aarvik AS 42298 33 Marine Constructions AS 40972 34 Os Maskinering AS 39732 35 Rolf Knarvik Transport AS 37468 36 Prosjekt Vest Bygg AS 37147 37 Bygg Concept AS 36780 38 Dales Rederi AS 36494 39 Pioner Barnehager AS 35791 40 Lyssand Gartneri AS 32835 41 Inge Hjelle Entreprenørforretning AS 30695 42 Bjørn Døsen AS 30118 43 Mecmar AS 28579 44 Osøyro Autosenter AS 27348 45 Stiftinga Ravneberghaugen 25596 46 D.k. Eiendom AS 24090 47 Vedholmen Landhandel AS 23843 48 Bomobil AS 23647 49 Kongshaug Musikkgymnas AS 23586 50 Os Bygg og Eigedom AS 22437 51 F. Tøsdal Holding AS 21556 52 Os Lavpris AS 21325 53 Bøe & Lepsøy Prosjekt AS 20542 54 Os Sport AS 20265 55 Himo AS 19851 56 Risnes Marine Craft AS 19585 57 Johs Sælen & Sønn AS 19545 58 Rallaren Eiendom AS 19300 59 Er-an Auto AS 19213 60 Solstrand Fjord Hotel AS 19018 61 Lyssand Bil AS 18827 62 Fw Handel AS 18244 63 Va-teknikk Vest AS 18043 64 Osbuss AS 17936 65 Bd Eiendomsutvikling Drift AS 17721 66 Os Maskin AS 17342 67 Pittpottnøtt AS 16922 68 Kuvågen Barnehage AS 16739 69 Unik Filtersystem AS 16657 70 Sibi AS 16616 71 Hagavik Hjemmebakeri AS 16334 72 Sperrevik Elektro AS 16087 73 Hodneland Bygginnredning AS 16038 74 Fløysand Blikk AS 15264 75 Os Elektro AS 15144 76 Samba AS 14827 77 Bjoarvik Trafikkskole AS 14507 78 Stiftelsen Nøtteliten Barnehage 14402 79 Niche Seafood AS 14176 80 Os Asvo AS 14038 81 Hovland Transport AS 14004 82 Heggland Heiltre AS 13999 83 Bjørnefjorden Gjestetun AS 13698 84 Skeisbotnen Barnehage AS 13318 85 Skaathun Bilverksted AS 12798 86 Rørdykk AS 12729 87 Fusa Apotek AS 12655 88 Universal Logistics Bergen AS 12625 89 Drange Bruk AS 12379 90 Os Knuseverk AS 12240 91 Transport og Gulvstøp AS 12179 92 Sverre Samdal Autorisert Rørleggerforretning AS 12129 93 Paul M Sælen & Co AS 12029 94 Lekven Entreprenør AS 11771 95 Flåten Bygg AS 11626 96 Os og Fusaposten AS 11529 97 Os Taxi Sa 11496 98 Brødrene Døsen AS 11397 99 Os Fargehandel AS 11265 100 Bjørnefjorden AS 11229

kilde: purehelp.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.