Sport | 14. jan. 2026

Topp mot botn blei ei vekkarklokke

– Det blei ikkje delt ut mykje skryt i pausen, seier trenar.

Topp mot botn blei ei vekkarklokke
Jørgen Lerch Dahl var ein av to som skåra 8 mål i kampen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. jan. 2026 13:00

Nore Neset/Os sitt herrelag i handball tok ferie på toppen av tabellen i 5. divisjon.

I helga starta dei 2026 med bortekamp mot tabelljumbo Sund.

Sund sto med tap i 7 av sine 7 første, men leia 6-2 over serieleiar, og var i tet også i 23. speleminutt.

– Vi er vant med at gutane bruker litt tid på å koma i siget, denne gongen tok det nesten ein omgang, seier trenar Kristian Bruarøy.

– Det blei ikkje delt ut mykje skryt i pausen, men eg såg at dei var på rett veg.

Etter halvspelt kamp leia Nore Neset/Os 16-13.

Dei brukte under ti minutt på å dra i frå til timålsleiing, 23-13, og enda med å vinna kampen med 17 mål.

Sund - Nore Neset/Os 20-37 (13-16)

Nore Neset/Os
4 Mats Berge Brunvatne 8
8 Matiss Andersons 3 1
14 Jørgen Lerch Dahl 8
17 Isak Riple Røberg 2
22 Bendik Oen 2
29 Kristian Bruarøy 1
30 Are Åkvik Ingebrigtsen
37 Jon Helge Øpstad 3
69 Mathias Onstad Kartveit 6
99 Ole Jørgen Tolleshaug Olsen 3

Tabelltoar Årdalstangen/Jotun har fått to gratis-sigrar, walkover på grunn av at ikkje alle lag tar seg bryet med å reisa til Sogn for å spela.

– No gjenstår berre toppoppgjer mot Årdalstangen/Jotun i mars, så er opprykket i boks?

– Det er nok langt frå så enkelt, det er fleire tøffe motstandarar igjen.

– Bjarg, som kan ta med seg tre spelarar frå Gneist på høgare nivå, kan slå kven som helst. Mathopen/Kjøkkelvik 2 slo i november Bjarg med ti mål.

Nore Neset/Os sine to neste kampar er borte mot Tertnes og både borte og heime mot nettopp Mathopen/Kjøkkelvik 2.

I alt gjenstår seks kampar, to av dei på heimebane.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.