Toppar stjernelag med skulekorpset
Riksteateret inviterer med seg Os skulekorps i framsyninga «Norsk Reisning» når dei vitjer Oseana tysdag.
Tysdag blir det humoristisk blikk på norsk historie når Riksteateret kjem på turné med framsyninga «Norsk Reisning». På scena står humor-tungvektarar som Espen Beranek Holm (Hallo i uken og Løvebakken på NRK), Elisabeth Moberg (Kvinner på randen), Monica Hjelle (aktuell på NRK med Kampen for tilværelsen) og Teodor Janson (skodespelar og regiansvarleg for mellomanna Ylvis og Raske menn), saman med vårt eige Os Skulekorps.
– Kva er vel ei framsyning om norsk historie utan eit korps.
– Skulekorpset opnar framsyninga med ein konsert i foajeen klokka 18.30, før vi får sjå dei att i framsyninga inne i salen litt seinare, fortel Janne Mari Hjelle, arrangements- og marknadskoordinator på Oseana.
"Underhaldning i overflod"
«Norsk reisning» er ein humormusikal som kastar eit skråblikk på nordmenn og norsk historie.
– Framsyninga har gått sin seiersgang over heile landet og fått gode kritikkar.
– Dagbladet kallar det underhaldning i overflod kor vulgærhumoren møter Hallo i uken og gav framsyninga terningkast fem.
– Ein parodi på Sissel Kyrkjebø eg aldri kjem til å gløyme sa anmeldaren frå NRK Kulturnytt.
– Eg trur osingane kan gle seg til ei humoristisk framsyning av høg klasse, seier Hjelle.
Musikalsk rundreise
«Alarmen går! Noreg er i krig! Men orkar vi tanken på å ta opp kampen, gøyme oss i skauen utan getboks og caffè latte – og med skikkeleg dårlig nett? Alt håp er ute… om det ikkje var for Henrik Wergeland! Som ein hyperaktiv reiseleiar vender vår bebrillede folkehelt attende frå det hinsidige for å forklara oss - for siste gong - kva det vil seie å vere ein ekte nordmann. I eit desperat forsøk på å redda oss, tek han oss med på ein musikalsk rundreise i vår eigen historie, for å læra oss kor vi kjem frå og kven vi eigentleg er».
Slik omtalar riksteateret sjølv framsyninga ført i pennen av Kjetil Indregård, ansvarleg for humorsukessar som Kongsvik ungdomsskule og vidaregåande og Helt perfekt med Thomas Giertesen. Komponist Atle Halstensen står bak musikken.