Sport | 06. jan. 2019

Toppar tabellen

Os spelte mot to av sine tre tøffaste motstandarar i helga.

Toppar tabellen
Jørgen Wold har skåra 15 mål på to kampar, og har samtidig flest assist. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. jan. 2019 21:28

Herrelaget til Os avslutta 2018 med to sigrar og ein uavgjort. Etter ein god månad med pause starta dei 2019 med kamp mot Gneist borte i går og Åsane heime i dag.

Det endte med til saman tre poeng.

Gneist - Os 28-28 (12-14)
Os - Åsane 30-29 (14-13)

– Sjølv om vi leia til pause i går, så var vi litt heldige som tok poeng. Vi starta bra og leia med 8 mål, men vi låg under med 3 mål då det sto 10 minutt igjen, fortel spelande trenar Alexander Danielsen Heggø.

Trenaren blei toppskårar med 9 mål, inkludert to frå 7-metersmerket. Jørgen Wold skåra 7, Isak Røen 4, Joakim Blostrupmoen 3, Trygve Lerch Dahl 3 og Fredrik Andresen, som nyleg har gjort comeback, sto for 2.

Sesongens sterkaste kamp i dag

Søndag tok Os imot Åsane i Oshallen. Åsane har to færre kampar, men hadde berre tapt 2 av 9, og vunne 5 på rad, før dagens møte med Os.

– Vi bytte på å leia, men så stressa vi ein del mens vi hadde folk ute for å sona 2-minuttarar. På to rundar i undertal tapte vi 0-4 og hamna, som i går, under med 3 mål då det sto 10 minutt igjen.

Men Os henta seg inn igjen og vann med eitt mål.

– Dette var nok sesongens sterkaste kamp. Denne helga var vi fulltallig for første gong denne sesongen, og heile laget fungerer godt, eit stor løft frå førre sesong.

Målskårarar: Jørgen Wold 8, Alexander Heggø 7, Isak Røen 6 (inkludert 3 frå 7 meter), Joakim Blostrupmoen 5 og Trygve Lerch Dahl 4.

– Einar Godø sto svært godt i dag, i tillegg er Jørgen utruleg viktig. Han skårer mykje og er nest sist på ballen på truleg 80 prosent av oss andre sine skåringar, skryter Heggø.

Neste kamp går måndag 14. januar, heime mot BI, som Os spelte uavgjort mot før jul.

– Er det opprykk til 2. divisjon i siktet no?

– Nei. Vi bør ikkje rykka opp med eit lag som trener så lite som oss, og som er så avhengig av enkeltspelarar. Men det er kjekt å vera blant laga i toppen, synest Alexander.

• Terminliste og tabell på handball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.