Kultur | 06. mai 2010

Tør du ta denne?

Lindströms er på plass, med fleire nye installasjonar i årets tivoli.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. mai 2010 08:45

Bildeserie:

1 av 4

I ettermiddag opnar Lindströms tivoliet på grusbanen ved Os ungdomsskule. I år har dei med seg fleire installasjonar som ikkje har vore på Os på ei stund, og nokre som aldri har vore rigga opp her før.

- Dei fleste synes nok det er kjekt når tivoliet kjem, uansett, men vi prøver å av og til ha noko nytt å by på, seier formann Stickan Holmquist.

- Vi har delt tivoliet i to, som vi ofte gjer når vi ikkje får plass til heile parken vår. Den andre delen er på Askøy.

- Blir bra i år
Torsdag er det skya og nokre regndråper, men sola vi har hatt dei siste dagane skal koma tilbake, saman med litt høgare temperatur.

- Det er alltid kjekt å koma til Os. Dei siste åra har det vore litt dårleg vêr, men omsetnaden har likevel vore god. Vi har ope til og med sundag, så i år trur eg det blir ekstra bra, seier Stickan.

Legg pengar igjen
Det er Ove Hjelle som i si tid fekk tivoli til Os under Vårsleppet, den gong for arrangementsselskapet Komogse. Hjelle er framleis tivoliet sin kontaktperson i Os.

- Eg organiserer med lokale folk som jobbar for tivoliet, og med lån av plassen. I går var vi og salta banen, så ikkje det skal bli så støvete når sola og varmen kjem, fortel Ove.

- Idrettslaget Jadakameratane blir sponsa, så dei får nokre kroner til vedlikehald av grusbanen og kjøp av nytt utstyr.

Kor stort beløp som ligg igjen i bygda kjem an på omsetnaden dei fire dagane tivoliet er her.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.