Fotball | 03. sep. 2018

Tore Kleppe til finalen i «Norges hyggeligste håndverker»

Treng framleis stemmer: Den muntre malaren frå Os er blant 22 finalistar av over 1100 nominerte!

Tore Kleppe til finalen i «Norges hyggeligste håndverker»
Seinast laurdag, då Os slo Loddefjord 6-0, var Tore Kleppe i spissen for supportersong på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. sep. 2018 09:05

I løpet av fire månadar er 1.162 handverkarar nominert som «Norges hyggeligste håndverker».

– Kvifor er det berre dei dårlege handverkarhistoriane vi høyrer? spør ein av initiativtakarane til kåringa, administrerande direktør Christel Borge i småbedriftenes mobilselskap Dipper.

– Faglig dyktighet, seriøsitet og erfaring er viktig - men handverkarar jobbar tett på alle slags folk, gode samarbeidsevner og dialog er viktig for sluttresultatet, legg ho til.

Blant dei nominerte er Tore Kleppe frå Os.

• Les òg: Er Tore Noregs hyggelegaste handverkar?

No er han blant 22 finalistar!

– Vil ikkje lova for mykje

Tore Kleppe er godt kjent som stemningsskapande supporter på Kuventræ, ofte på fotballbanen, men òg på handballkamp og i andre idrettar. Han gjer ein stor innsats som frivillig på ulike arrangement, er fotballtrenar gjennom ei årrekkje, har vunne Fair Play-pris og er opptatt av å få alle med lengst mogleg. Då han trente yngre lag passa han på at alle som ville, også dei som hadde familie med økonomi som ikkje strekte til, skulle få vera med på sommarcup med laget.

På dagtid jobbar han som malar. Etter mange år for privat næringsliv byrja han for fem år sidan i teknisk eining i Os kommune, også der i munter stil.

– Det var kjekt å bli nominert og overveldande å koma til finalen! Eg synest det er ekstra stas at eg er ein av få, kanskje den einaste, som er frå offentleg sektor.

I førre intervju presiserte han at heile avdelinga hans er like serviceinnstilt. Når han no har kome til finalen røper han noko av det han sjølv prøver å vera god på.

– I nominasjonen står det at eg er eit ja-menneske, og det er eg nok. Men eg prøver samtidig å ikkje skapa for høge forventingar. I vår bransje, både offentleg og privat, er det lett å lova for mykje, eller å seia at du stiller opp tidlegare enn du faktisk kan.

– Då er det betre å væra ærleg, og å kommunisera tett og godt så snart du ser at du kjem seinare eller at prosjektet blir ferdigstilt til eit anna tidspunkt enn kva du først sa.

210.000 stemmer

– Nominasjonane har kome frå heile landet, frå alle bransjar og i alle aldrar. 2.444 nominasjonar på 1.162 handverkarar har kome inn, og over 210.000 stemmer er registrerte, seier Anette Ramstad, jurymedlem i Norges Hyggeligste Håndverker og politisk rådgiver i Byggenæringens landsforening.

– Å velja finalistar blant over 1000 niminerte var ei nesten umogleg oppgåve. Det er veldig kjekt å sjå at Noreg er fylt opp av hyggelege og dyktige fagfolk.

• Her kan du sjå alle dei nominerte og stemma på din favoritt.

Finalen blir halden i Oslo på Boligmessen i Telenor Arena 15. september. Nominasjoner og stemmer tel også i finalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.