Næringsliv | 14. mai 2019

Torggården tilbake til originalen

Torggården er pakka opp att etter rehabilitering.

Torggården tilbake til originalen
Tidlegare Tøsdalsbygget, Lyssandbygget og MK Olsen-bygget. No Torggården i ny prakt. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 14. mai 2019 12:42

Bildeserie:

Slik såg bygget ut i fjor. (Foto: KVB)
Slik såg bygget ut i fjor. (Foto: KVB)
Slik ser det ut i dag. (Foto: KOG)
Slik ser det ut i dag. (Foto: KOG)
Ottar Randa (t.h) saman med Kai Bakke frå Åsane Byggmesterforretning AS. (Foto: KOG)
Ottar Randa (t.h) saman med Kai Bakke frå Åsane Byggmesterforretning AS. (Foto: KOG)
Eit beslag her, som er på veg, så er bygget klart att. (Foto: KOG)
Eit beslag her, som er på veg, så er bygget klart att. (Foto: KOG)
Døra inn til Os Bygg og Eigedom AS. (Foto: KOG)
Døra inn til Os Bygg og Eigedom AS. (Foto: KOG)
– Nokon som hugsar denne kroken? (Foto: KOG)
– Nokon som hugsar denne kroken? (Foto: KOG)
Slik ser det ut opp trappa - her held Os Bygg og Eigedom AS no til. (Foto: KOG)
Slik ser det ut opp trappa - her held Os Bygg og Eigedom AS no til. (Foto: KOG)
Under arbeidet med fasaden dukka denne opp - nokon som gjekk til han? (Foto: Os Bygg og Eigedom AS)
Under arbeidet med fasaden dukka denne opp - nokon som gjekk til han? (Foto: Os Bygg og Eigedom AS)
1 av 8

Tidlegare har bygget blitt kalla Tøsdalsbygget, Lyssandbygget og MK Olsen-bygget.

Då Os Bygg og Eigedom AS i 2014 kjøpte bygget, som då heit Osbygg, fekk det namnet Torggården.

Etter ein lengre periode bak presenning og stillas, har den nye Torggården no kome fram i lyset.

Framstår slik det var som nytt

Administrerande direktør i Os Bygg og Eigedom, Otto Randa, er godt nøgd med resultatet som no kjem fram;

– Sjølv om det står att nokre detaljar, og litt flikk her og der, ser dette flott ut. No ventar vi berre på eit beslag, og så er fasaden komplett.

Randa fortel at huset no framstår slik det gjorde då det vart reist, tidleg på 50-talet, utanom dei nye Liv på Øyro-baldakinane. Kvitfargen er noko lysare enn originalen, men i stor grad er huset altså tilbakeført til originalen.

- Eg vil spesielt få trekkja fram det gode samarbeidet vi har hatt med Åsane Byggmesterforretning AS under arbeidet - dei har verkeleg stått på for å få bygget slik vi ser det no, seier Randa.

Tett og sikkert tak med designelement

Randa fortel at taket vart ein utfordrande del av rehabiliteringa - med leigetakarene tilstades i bygget.

– Taket er no tett att, med isolering og nye vindauge. Vi valde òg å erstatta skifer-taksteinane med ei moderne løysing.

Å ha skifer-stein i eit sentrum med mykje folk er ikkje ei ideell løysing, sett frå eit sikkerheitesmessig ståstad, seier Randa.

– Pipene er ikkje i bruk lenger, men desse fekk stå som eit designelement, dei er rett og slett ein del av karakteren til bygget.

Trappa alle hugsar fekk stå

Randa fortel at heile bygget, med unntak av éin leilegheit, er utleigd.

Os Bygg og Eigedom AS har sjølv flytta inn i delar av andre høgda.

Inn ei ny, signalraud dør i Landboden, og du er kor MK Olsen hadde ranslane sine.

Trappa innerst i kroken tek deg no opp til dei nye lokala til Os Bygg og Eigedom AS.

– Vi har verkeleg fått oss flotte og funksjonelle lokale, og det er jo litt stas at dei ligg i dette flotte bygget, avsluttar Randa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.