Sport | 05. mai 2018

Torp tek over damelaget

Gitte Torp blir ny hovudtrener for handballdamene til Os.

Gitte Torp, sittande på kne til høgre, blir ny hovudtrenar for handballdamene til Os. (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrelørdag 05. mai 2018 12:40

Os håndball har avslutta samarbeidet med Trond Førde Eriksen, som hadde utgåande kontrakt og i staden signert med eit trenarteam for handballdamene. Den neste sesongen er det tidlegare assistenttrenar Gitte Torp som får hovudansvaret. Med seg får ho Trond Budal som medtrenar.

– Det gler eg meg veldig tid. Trond og eg tenkjer veldig likt på korleis handball skal spillast og kva som er viktig. Noko av det viktigaste er at vi ikkje må gløyme å at vi og spelarane skal ha det gøy på banen og treningane, seier Torp.

Meir samarbeid

Eit grep dei nye trenarane tek, saman med resten av handballgruppa, er enno meir samarbeid på tvers av laga.

– Vi skal ha eit tettare samarbeid frå 2. divisjonslaget og heilt ned til J16. Vi kjem også til å ha ei treningsgruppe for 2. og 4. divisjon og ikkje slik som vi har hatt i år med to ulike grupper.

– I tillegg har vi meldt på eit breiddelag i J17-20-serien. Det blir eit samarbeid også med J16 og 4. divisjon. Dette trur eg blir veldig spennande.

Nokre ut, andre inn

Når det gjeld spelarstallen for den kommande sesongen, så er ikkje alt avklart enno i følgje Torp, men nokre avklaringar har ho fått.

– Emilie Halhjem, Hilde Kristine Røttingen og Elise Hjelle har alle signalisert at dei vil gje seg. Samstundes så får vi Marte Færøvik og Ida Vik tilbake til Os. Dei gjekk frå Nore Neset til Bjarg før fjorårets sesong, men kjem no tilbake, noko vi gler oss over.

– I tillegg så er det mange spennande unge spelarar på gang. Eit tett og godt samarbeid med J16 vil gjera at fleire av ungjentene kan komme til å få prøva seg neste sesong, seier Torp som nemner Nora Johnsen og Stine Eide som to av dei ho trur vil ta steget neste år.

– Eit området har vi litt utfordringar på. Det er på keepersida. Grunna studier og flytting er vi foreløpig litt tynt besatt på den plassen.

Startar grunntreninga

21. mai samlar Torp og Budal troppane til sesongoppkøyring.

– Både Trond og eg er trenartyper som liker å planlegge, så alle øktene fram til sommaren er allereie spikra. I denne perioda blir det mykje grunntrening og lite ball. Blant anna har vi fått med oss naprapaten vår Trine Hofsvik Strønen til å køyre økter med løpsteknikk for jentene. Vi ønskjer oss at dei skal få eit kjappare steg dei første meterane. Vi kjem også til å køyre ein god del kortintervall på 10, 20, 30, 40 og 60 meter i staden for lengre løp, sjølv om det sjølvsagt er viktig at jentene får god kondis.

– Det blir også ein god del testing no i starten, men også der har vi funne nye måter å testa på, så i år slepp jentene tildømes bip-test, avsluttar Torp med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.