Lokal | 05. juli 2013

Torsvik i ny jobb

Ingvar Torsvik sluttar som kommunalsjef i Os kommune.

Torsvik i ny jobb
Ingvar Torsvik byrjar 1. januar 2014 i ny jobb. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. juli 2013 14:07

Ingvar Torsvik, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Os kommune, skal 1. januar 2014 over i ny jobb.

– Torsvik blir ny generalsekretær i Normisjon. Han tar over etter Rolf Kjøde, som har leia misjonsorganisasjonen i ti år, skriv Dagen.no.

Normisjon er ein evangelisk luthersk misjonsorganisasjon som organiserer over 70.000 personar i Noreg.

Tidlegare har Torsvik blant anna vore rektor i Stavanger og menighetsprest i Sandnes.

«I tillegg til sin teologiske kompetanse tar han med seg en bred erfaring fra både skolearbeid og omorganiseringer. Ingvar Torsvik er kjent som en svært god leder der han har vært og han har hatt stort lederansvar», heiter det i ei pressemelding Dagen har mottatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.